Sport | 06. sep. 2019

Det nye damelaget startar serien søndag

Tett med debutantar i ny divisjon.

Det nye damelaget startar serien søndag
Delar av damelaget til Os,f.v.: Elin, Maia, Mia, Dina, Malene, Stine, Anna, Silje-Marie, Julie og Lena. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 06. sep. 2019 13:59

Handballgruppa i Os Turn måtte trekka herrelaget sitt frå serien, men eit damelag med mange yngre krefter står klare til å prøva seg i 3. divisjon etter nedrykket i vår.

Før fjorårssesongen mista laget mange av dei mest erfarne spelarane. Det har dei gjort også denne sommaren.

Nokre har lagt opp eller trappa ned til 5. divisjonslaget, Nora Berge har reist vekk på skule og Thiet Dang har følgd gamletrenaren Gitte Torp til Askøy.

– Men vi har nokre med fartstid frå fjorårets 2. divisjon igjen, som Anna Martine Særvold Mjånes, Ayleen Akyüz Hagen, Regine Sten og Stine Eide. Dessutan er Malin Lunde Fosen tilbake, seier Line Hjelle Berentsen.

Hovudtrenar Trond Budal er på reise, Line trenar jenter 17, som damelaget har faste fellestreningar med.

– Damelaget trener nokre av øktene saman med jenter 16 og jenter 17, fortel Line, som sjølv står oppført i stallen, men i utgangspunktet ikkje skal spela.

– Skulle hatt litt fleire vaksne

Trude Tysnes (29) og Julie Lindborg (21) er dei eldste i stallen, som i hovudsak består av 17-åringar (2002-årgangen).

– Det er flinke jenter vi har med oss, men det er ein overgang med seniorhandball, det går litt hardare for seg. Vi skulle helst hatt litt fleire vaksne med oss.

– Korleis trur du dei unge damene vil klara seg i 3. divisjon?

– Det blir spennande å sjå! Vi gjorde det greit i opningscupen. Jenter 17 tok seg til semifinale, damelaget, som spelte mot både 2. og 3. divisjon tapte sine kampar, men gjorde god figur, fortel Line.

Serieopninga er heime mot NHHI søndag frå klokka 17.40.

Troppen til seriestart:
Maia Emilie Heimtun Skudal (keeper)
Anna Martine Særvold Mjånes
Ayleen Akyüz Hagen
Charlotte Pettersen
Dina Søvik Midthun
Elin Moberg Rosland
Julie Hjertholm Lindborg
Lena Nåmdal
Lone Gabrielsen
Malene Massi Fagertun
Mia Gabrielsen
Silje-Marie Ognøy Hamre
Stine Eide
Trude Abrahamsen Tysnes

I stallen står òg:
Ann Kristin Een Lyssand
Julie Hjertholm Lindborg
Karoline Krukhaug
Line Hjelle Berentsen
Malin Lunde Fosen
Mia Jansen Paulsberg
Regine Sten
Sofie Evensen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.