Det må bli lettare å velja det som er bra for naturen
Dyrt og vanskeleg, eller billig og bra?
Naturen treng raskare endring av samfunnet, og det skjer ikkje med ei handfull eldsjeler. Vi må ha eit Storting som lagar strukturar slik at det blir enkelt å ta dei gode vala i kvardagen.
Dei fleste vil leva miljøvenleg, men det er ofte for dyrt og for vanskeleg.
Etter 2013 har regjeringa brukt 10 gongar meir på å kutte bompengar enn å kutte billettprisar på kollektive løysingar. Det er framleis dyrare å reise kollektivt om ein skal på kino, enn å køyre bil.
Dette er ikkje einaste tilfelle der det er dyrt og vanskeleg å vera miljøvenleg.
Det er mange produkt som er mykje dyrare å reparere enn å kjøpe nytt, og nokre produkt er umogleg å reparere. Dette fører til bruk og kast, og diverre havnar mykje boss også i naturen.
Mange vil prøva seg på å eta mindre kjøt, enten det er av omsyn til klimaet eller eigen helse, men kjøt er ofte billegare enn vegetarprodukt.
Miljøpartiet Dei Grøne vil gjera det lettare og billigare å leva miljøvenleg og dyrare å forureine.
Difor vil vi kutte billettprisar på båt, buss, bybane, tog med 20 prosent, vi vil fjerne avgifter på reparasjon og gjenbruk, legge til rette for fleire dele- og utleigeordningar, fjerne avgifter på frukt og grønt, fjerne avgifter på elsyklar og forsterke rettane du har som forbrukar til å reklamere på ting som ikkje er haldbare og som blir øydelagt for fort.
Regjeringa har lova oss eit grønt skatteskifte i årevis, men det ventar vi framleis på. Dei som tapar på det er oss forbrukarar - og miljøet.
Dersom MDG kjem over sperregrensa kan vi endeleg gjera det lettare å ta dei gode vala. Om vi kjem over sperregrensa vil vi få 8-10 representantar som alltid set klima og miljø først.
Di stemme kan vera avgjerande. Stem MDG på måndag!
Nils-Anders Nøttseter
3. kandidat for MDG i Hordaland