– Det kan bli vanskelege forhold
Kommunen åtvarar: Regn på bakke med tele kan føra til svært vanskelege kjøreforhold i Os i helga.
Etter ein lang kuldeperiode i Os er det meldt varmare vêr og nedbør.
Yr melder 0 gradar og snø laurdag, 1 grad og regn søndag. Storm melder tilsvarande vêr i helga og endå høgare temperatur frå måndag av.
– Får vi regn og rundt null grader, kan det bli særs vanskelege kjøreforhold. Sidan det er tele i bakken kan regnet frysa til is på kort tid, åtvarar leiar for teknisk drift i Os kommune, Marianne Kramer.
– Vi har beredskapen klar, men forhold som det vi kanskje har i vente tar ein del tid å få kontroll på.
Har du tips om trøbbel i trafikken?
Kontakt Midtsiden på sms/mms 907 89 270 eller kjetil@midtsiden.no
Politiet i Os fortel om fine kjøreforhold fredag kveld.
– Vi har vore ein del ute og kjørt i kveld. Føret er ok på hovudvegane. På sidevegane ligg det litt snø, men vi opplever det førebels ikkje som glatt, seier politibetjent Thomas Juulseth.
– Vi har heller ikkje fått meldingar om uhell i trafikken i Os fredag ettermiddag eller kveld.
Politiet i Bergen fortel om vanskelege kjøreforhold andre plassar i Hordaland, som mellom Bergen og Kvamskogen, ifølgje BT.no.
Etter nokre dagar med frå 5 til 7 varmegradar i veka er det før helga venta kaldare vêr igjen, ned til -2 på fredag, spår Storm, 3 fredag og 1 plussgrad frå laurdag, trur Yr.