Lokal | 24. feb. 2016

– Det gler meg å sjå optimismen

Finansminister Siv Jensen (Frp) let seg imponera då ho besøkte teknologibedriftene FourPhase og NDM tysdag.

– Det gler meg å sjå optimismen
Siv Jensen gledde seg over optimismen NDM og FourPhase representerte (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 24. feb. 2016 09:03

Bildeserie:

Oppfinnar og gründer Anders Arefjord forklarte finansministeren korleis FourPhase sitt produkt fungerar (foto: AH)
Oppfinnar og gründer Anders Arefjord forklarte finansministeren korleis FourPhase sitt produkt fungerar (foto: AH)
Jarle Sørstrønen og Sverre Mowickel Nilsen hos NDM hadde ei lita gåve til finansministeren. Ein boks med bullshit removal til bruk i debattar og møter (foto: AH)
Jarle Sørstrønen og Sverre Mowickel Nilsen hos NDM hadde ei lita gåve til finansministeren. Ein boks med bullshit removal til bruk i debattar og møter (foto: AH)
1 av 2

Saman med statsminister Erna Solberg (H) nytta finansminister Siv Jensen tysdagen til å besøka konkurranseutsette verksemder i offshore, olje- og gassindustrien.

Etter ein felles runde i Bergen, splitta dei to statsrådane lag og finansministeren kom til Os for å møta FourPhase i Hegglandsdalen og NMD i Ulvenparken.

– Kva sit finansministeren igjen med etter å ha besøkt to innovasjonsbedrifter i Os?

– Nettopp det. Dei representerar mykje godt innovasjonsarbeid. Sjølv om dei er knytt nær opp til olje- og gassverksemder som har utfordringer, så signaliserer dei ein optimisme.

– Dei ser seg om etter nye marknader og klarer å oppretthalda posisjonen sin gjennom å søke å få fleire bein å stå på. Det har vi historisk vore gode på i Noreg og det gler med å sjå den optimismen som rår både hos FourPhase og NDM, oppsummerte finansministeren for Midtsiden i det ho hasta ut i den ventande bilen.

Positiv ordrereserve

Sjølv om utfordringane i olje- og gassnæringa låg som eit mørkt bakteppe for vitjingane var det god stemning og låge skuldre då Jensen vitja dei to verksemdene.

Jarle Sørstrønen hos NDM kunne fortelje at dei per januar 2016 hadde ein ordrereserve på 150 millionar kroner, omlag tilsvarande omsetninga i 2015.

– Det gir oss tryggleik og set oss i ein veldig bra situasjon, konkluderte Sørstrønen.

– Faktisk selde vi vår største vinsj nokon sinne i førre måned, supplerte Sverre Mowinckel Nilsen.

– De er heldige som har ein ordrereserve av betydning, det er ikkje alle som har, nikka finansministeren annerkjennande.

– Gjer noko med momsreglane

Sørstrønen hadde ikkje berre gladnyheiter å koma med til finansministeren, nokre utfordringar måtte ho få med seg over fjellet til finansdepartementet.

– For oss, som har all innovasjon, sal og enginering i Noreg, men produksjonen ute i Europa er det å få momsen tilbake ei stor utfordring som krev mykje arbeid. I tillegg må de forenkla systema i høve det å få støtte frå det offentleget. Slik det er i dag er det så mykje papirarbeid at det nesten ikkje svarar seg, utfordra Sørstrønen.

Ta vare på optimismen

Nokon direkte lovnad kunne ikkje finansministeren gje.

– Olje- og gassindustrien er inne i ei krevande og smertefull tid. Vi må nok gjennom en slankekur med ein litt meir kostnadseffektiv utgave ut i andre enden.

– Det viktigaste regjeringa kan gjere er å sørgje for stabile rammebetingelser i tida framover. Vi treng fleire lønsamme verksemder, men omstilling tek tid. Ta vare på den optimismen de trass alt har, oppmoda Jensen.

Konservativ bransje

Hos FourPhase fekk Jensen eitt innblikk i korleis det var å vera innovative i ein konservativ bransje som oljebransjen.

FourPhase leverer syklonar som skil ut sand frå olja, slik at ein for ein meir effektiv og lønsam produksjon.

– Ei av utfordringane våre er at vi ikkje får vist teknologien nok. Bransjen er generelt veldig konservativ med særs høge krav til dokumentasjon, noko som krev mykje tid og ressursar. I den situasjonen bransjen er i, er det ikkje stor vilje til å investera, forklarte administrerande direktør Øyvind Heradstveit.

– Men det de leverer er jo med på å gjera eksisterande felt meir effektive og gje dei lengre levetid. Investeringane er jo allereie tatt. De er godt posisjonert i høve å vera med på å få til kostnadreduksjon i eksisterande felt, responderte ministeren.

– Ja, det er nettopp det vi jobbar med å forklara bransjen, svarte Heradsveit, som no har Baku som ein av sine viktigste marknadar.

Satsar meir internasjonalt

– Vi hadde eigentleg ikkje ønskje om å gå internasjonalt så tidleg.

– Vi hadde eit ønskje om å gjera teknologien meir kjend her heime først, men situasjonen har krevd at vi må satsa meir internasjonalt, forklarte Heradstveit om utfordringane framover.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.