– Det fungerer veldig fint
NMS Gjenbruk: Butikken som har gratis varelager, gratis arbeidskraft og minst 50 prosent rabatt på alt i hyllene.
Rundt 100 kundar sto i kø då NMS Gjenbruk opna i Irisgården i september 2011.
Med heile 50 "tilsette" og husleige og straum som einaste utgift har den snart to år gamle bruktbutikken fått både rytmen, vareflyten og omsetnaden styret hadde håpa på.
– Vi hadde sett oss som mål å passera millionen i omsetnad første heile driftsår, altså i 2012. Vi klarte 980.000 kroner, fortel Leif Fjellvang.
Stor oppslutnad
NMS Gjenbruk i Os var nummer 39 i rekka då butikken opna i 2011, i dag er det 43 av same slag.
Varene er gåver frå innbyggarane og dei som jobbar i butikken stiller opp på dugnad. Omsetnaden, når husleige og straum er betalt, går uavkorta til Det Norske Misjonsselskap.
– Oppslutnaden har vore super. Vi har cirka 50 som jobbar fast i butikken, alle er pensjonistar. I tillegg har vi fleire ringevikarar.
– Til vanleg har vi ope i 6 timar per dag, og deler dagen i to 3-timarsvaket. Men no om sommaren har vi ope i 4 timar, så då tar dei to som er på vakt heile økta, forklarer Fjellvang.
Vil ikkje ha kva som helst
I tillegg til styret har NMS-gjengen to faste som fastset pris på varene, og eigen transportavdeling.
– I tillegg til henting og levering av varer tar transportavdelinga, som forresten består av pensjonert lege og prest Nicolai Lunde og Per Fimreite, vurdering av varene folk vil gje frå seg.
– Vi tar nemleg berre imot ting som er reine og fine og i god stand. I tillegg må det vera noko vi vurderer som lett å selja.
Utvalet hos NMS Gjenbruk spenner frå møblar og glastøy til bøker, leikar og måleri.
– Av og til står det ting utanfor døra når vi skal opna om formiddagen. Vi forstår at det skjer, men vi liker det ikkje. For det første tar vi ikkje inn kvite- og brunevarer, for det andre vil vi sjå på tinga før vi tar det inn.
Ekstern kontor- og sengeavdeling
I tillegg til det som står utstilt i butikken har NMS eige lager. Det manglar ikkje på varer og av og til må ei grovsortering til, med påfølgjande tur til Bir i Kolskogen.
– Men vi liker ikkje å kasta ting, seier Leif.
Blant bestseljarane hos NMS Gjenbruk i Os er pynteting, glas og bøker. Bøkene er sortert i eiga avdeling, Bokbua, administrert av pensjonert lektor Lars Hernes.
Utanom butikken og lageret har NMS Gjenbruk fått låna lokale i gamle Os barnehage i Stegen, der dei har utstilt kontormøblar og senger.
– Her har vi pensjonert snekkermeister Edvard Bjørnevik som sjef, seier Fjellvang, tydeleg stolt over den kompetente arbeidsstokken.
– Vi er naturlegvis også veldig glade for at det er så mange som bruker oss, hytteeigarar, fusingar, tysnesingar og osingar.
– Gjenbruk er ein fin ting og inntektene går til ei god sak, seier Leif Fjellvang.