Politi | 31. okt. 2023

– Det er mogleg at det er brukt vatn i samband med arbeidet

Fekk melding om glatt veg på Lepsøybrua tysdag morgon.

– Det er mogleg at det er brukt vatn i samband med arbeidet
Arbeid på Lepsøybrua måndag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 31. okt. 2023 08:40

Klokka 06.10 tysdag morgon fekk politiet melding om ein hjort som sto utanfor opninga på ein av tunellane på ny E39.

– Truleg var det Skogafjellstunnelen det var snakk om. Vi varsla vidare til Vegtrafikksentralen.

Ein god time seinare, klokka 07.35, fekk politiet melding om glatt veg på Lepsøybrua.

– Det er arbeid på brua, og det er mogleg at det har blitt brukt vatn som har frose. Vegtrafikksentralen blei varsla her òg.

Lepsøybrua er nattestengt frå klokka 23 til 05 kvar dag frå 29. oktober til laurdag 4. november.

I dag er den òg stengt frå klokka 11 til 13, ifølgje vegvesen.no sitt kart over pågåande og komande vegarbeid.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.