– Det er framleis plass
Kommunen vil byggja 40 omsorgsbustader for demente og 20-60 omsorgsbustader for andre pleietrengande på Lurane.
Då politikarane møtte administrasjonen på budsjettkonferansen førre veke orienterte Aud Winsents, leiar for pleie- og omsorg, om ståa i eininga og kva planar dei har for framtida.
– Vi planlegg 40 nye omsorgsbustader for demente på Luranetunet.
– Dette er den pasientgruppa som er vanskelegst å hjelpa heime.
– I tillegg ser vi for oss 20-60 omsorgsbustader for eldre med pleie- og omsorgsbehov, fortalde Winsents.
Vakse ut av lokala
Pleie- og omsorgsleiaren fortalde at dei også såg på moglegheiten til å byggja dagsenter på Luranetunet og å utvida kapasiteten på møterom og aktivitetslokaler.
– Dagsenteret held i dag til i eit gamalt bygg, som ikkje er så godt egna. Mange av brukarane må nytta heis for å komma seg på senteret.
– I tillegg ønskjer vi å kunne få eit dagsenter med større grad av fleksibilitet, kanskje og med kveldsope nokre dagar i veka.
– Når det gjeld felleslokala på Luranetunet i dag, så byrjer dei å bli små. Vi byrjer å bli så store at vi treng fleire og større lokaler til møter og aktiviteter for brukarane, forklarte Winsents.
Nok raudfarge
Politikarane var opptekne av om det var plass på Luranetunet til å utvida i tråd med dei planane einingsleiaren presenterte.
– Det er laga ein omsorgsplan for framtida som seier noko om behov og omfang.
– Det er ikkje noko problem å utvida Luranetunet med å lukka dei to vinklane.
– Eg har kome til den konklusjonen at det er nok raudfarge på kartet (område av satt til off.formål, journ.mrk) i dag til å klara dette. Området bak carporten kan vi la ligga til neste generasjon, forklarte leiar for prosjektavdelinga, Tor Inge Døsen, som i løpet av våren vil koma attende med meir konkrete planar for utvidinga.
Utbygginga på Luranetunet ligg inne i rådmannen sitt framlegg til investeringsbudsjett med éin million i 2014, 30 millionar i 2015, 40 millionar i 2016 og 29 millionar i 2017.