– Det er fint her
Samferdselsminister Marit Arnstad (Sp) likte Os skjergarden, men stilling til traseen for fergefri E-39, har ho ikkje tatt, trass lokallaget si klare haldning.
Senterpartiet i Os og Hordaland har tatt eit klart standpunkt til kryssing av Bjørnafjorden. Dei vil ikkje ha bru. Onsdag fekk dei samferdselsminister Marit Arnstad på vitjing. Saman med folkeaksjonen mot Bru over Bjørnafjorden nytta dei høve til å visa samferdselsministeren Øyane og skjergarden kor Statens vegvesen har skissert landing av broen.
– Det er fint her, slo Arnstad fast, då båten stevna ut mot Røttingafluo.
Ombord nytta Knut Børgesen, Ingrid Netland og Fusa-ordførar Hans Vindenes (Sp) høve til å argumentere mot fjordkryssing via bru og heller argumentera med fordelane med indre trasé og moglegheitene til aust-vest samband via Haukeli og veg nordover utanom Bergen sentrum.
Må i såfall utgreiast
Høgre sitt utspel om landing i Bjørnatrynet blei òg eit tema, særleg då varaordførar Marie Bruarøy (H) nytta høve til å få samferdselsministeren i tale vel tilbake på Vedholmen.
– I utgangspunktet kjem vi til å ta stilling til dei alternativa som statens vegvesen legg fram for departementet, men det går ann å utgreie alternative nye forslag om vi vurderar det trengs, svarte Arnstad.
Må ha val
Kvalitetssikrarar arbeidar no med tilleggsutgreiinga frå Statens Vegvesen.
– Eg reknar med at saka kjem til handsaming i løpet av hausten.
– Vi treng fleire alternativ når trasévalet skal takast, også med tanke på dei kostandsmessige sidene ved saka.
– Kva trasé som tilslutt blir vald veit eg ikkje.
– Sjølv om senterpartiet i Hordaland og Os har tatt stilling, så har ikkje eg som fagstatsråd gjort det, forklarte Marit Arnstad.
Interessant å sjå
Trass i at statsråden ikkje har tatt eit val gav ho uttrykk for at det hadde vore interessant å sjå området og få høyre argumenta.
– Du veit i samband med Nasjonal transportplan handsama vi eit tredve-tals trasévalutgreiingar. Det gjer at vi blir gode til å lesa kart, men det er alltid interessant å få sjå på nært hald kva konsekvensar det valet vi skal gjera får lokalt, avslutta Arnstad.