Fotball | 26. nov. 2012

Det blir Os vs Lysekloster

Avdelingsoppsett for 3. divisjon 2013: Sandal og Nielsen ser fram til tøffe lokaloppgjer.

Det blir Os vs Lysekloster
Os og Lysekloster sine toppskårarar, Erik Kanestrøm og Christoffer Robin Larsen, møter kvarandre i serien neste år. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 26. nov. 2012 21:33

I dag blei avdelingsoppsettet for 3. divisjon 2013 publisert, og både Os og nyopprykka Lysekloster hamnar i avdeling 7.

– Vi hadde rekna med det, men du veit aldri kven som kjem i avdelinga som må ta turane nordover til Sogn og kven som får lag i Sunnhordland og Rogaland å bryna seg på, seier Lysekloster-trenar Ørjan Sandal.

– Men dette blir tøft og gøy, både med lokaloppgjer og med dei andre laga. Dette er ei sterk avdeling med fleire lag som nyleg har vore i 2. divisjon.

Os og Lysekloster møter blant anna Randaberg, som kjem ned frå 2. divisjon, Fyllingsdalen 2, Austevoll, Kopervik og Åkra neste år.

Også Os-trenar Tore Nielsen synes pulja ser sportsleg krevjande, men spennande ut.

– Her var også fleire lag frå sør som vi ikkje har spelt mot tidlegare, i tillegg til at vi får dei spennande lokaloppgjera mot Lysekloster, seier han.

3. div. avd. 7
Randaberg (ned)
Stord
Fyllingsdalen 2
Øystese
Austevoll
Brodd
Kopervik
Haugesund 2
Åkra
Vardaneset
Os
Vaulen (opp)
Hundvåg (opp)
Lysekloster (opp)

3. div. avd. 8
Vik
Tornado Måløy
Stryn
Florø
Bjarg
Årdal
Radøy/Manger
Voss
Sotra
Tertnes
Varegg
Vadmyra (opp)
Lyngbø (opp)
Sogndal 2 (opp)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.