Det blir mildare!
Minus 13 grader på Osøyro tysdag morgon. Nokre dagar til med kaldt no, så lovar meterologane varmare vêr, men òg regn.
Tysdag morgon vakna osingane opp til eit to-tals blå gradar på gradestokken. I Os sentrum viste termometere i bilen minus 13 grader då vi køyrde til redaksjonen.
Sjølv om det er kaldt er det ikkje berre ulempar. Isen på vatna er tjukk og trygg noko både motocrossentusiatar , skuleelevar og andre har kunne gleda seg stort over.
Kaldt, men fint til torsdag
Framleis må vi nok berre klé oss i ull ogmed tjukke jakker i nokre dagar til.
Yr.no spår at det fram til torsdag vil vera fint vêr. Skyfritt tysdag og onsdag, men litt tilskyande vêr på torsdagen. Det vil vera flau eller svak vind og temperaturar mellom 6 og 9 minusgradar.
Kollegaene i Storm.no er samde i at fram til torsdag vil vera kaldt og fint, men dei trur det vil bli ein grad eller to mildare midt på dagen.
Mildare til helga
Også varselet for helga er dei i grove trekk samde om. Det kjem til å bli mildare, men kor mildt er dei ikkje heilt samde i.
Om ein skal tru YR kan vi venta oss varmegradar og regn frå fredag ettermiddag. Dei trur temperaturane kjem til å stiga til 5-6 varmegradar. I følgje deira prognoser kjem det til å koma mellom 4 og 8 mm nedbør. Vinden aukar litt til laber bris 6-7 m/sek.
Storm trur det vil ta lengre tid før vi får sjå varmegradane. For helga trur dei temperaturen framleis vil vera blå, nærare bestemt mellom 1 og 4 minusgradar. Hjå Storm let òg nedbøren venta på seg. Den kjem først måndag.
Uansett kven av dei som får rett. Nyt dei kalde klåre vinterdagane.