Lokal | 28. feb. 2017

– Det blir midtre trasé

E39 Stord-Os: Regjeringa og samarbeidspartia KrF og Venstre har bestemt seg, dei held fast på midtre trasé og bru over Bjørnafjorden, men vil ha prisen ned.

– Det blir midtre trasé
Erna Solberg (H) presenterte i dag NTP for Hordaland saman med Helge Andre Njåstad (Frp), Knut Arild Hareide (Krf) og Terje Breivik (V, ikkje på bilete) (lesarbilde)
Andris Hamretysdag 28. feb. 2017 15:33

Statsminister Erna Solberg (H) møtte pressen saman med Helge André Njåstad (Frp), Knut Arild Hareide (KrF) og Terje Breivik (V) på Arna stasjon tysdag ettermiddag, for å presentera kva partane hadde blitt samde om i høve Nasjonal Transportplan (NTP) 2018-2029. Forhandlingane har gått for seg til seint måndag kveld.

Etter først å ha fortalt om oppgradering av jernbanen mellom Arna og Stanghelle, og ny E16 på same strekninga, fortalde dei om status for E39 Stord-Os.

Fylkesutvalet i Hordaland fylkeskommune si opning for ei ny vurdering av indre trasé blei blankt avvist.

Må bli billegare

Statsministeren var tydeleg på at dei fire partia var samde om at Hordfast skal gjennomførast.

– Hordfast er med på å binda Vestlandet saman, og spesielt aksen Stavanger - Bergen, og avløysing av ferjesambanda. Då det blei prosjektert var storleiken på konstnaden anslått til 26 milliardar kroner, no er den anslått til 46 milliardar kroner.

– Vi skal realisera prosjektet med oppstart i den første perioden av NTPen (første seks åra, journ.mrk), men vi må få på plass eit fornya prosjektmandat med lågare kostnader. Igangsetting i 1. del av perioden og gjennomføring i 2. del er planen, men det må bli billegare enn det vi har sett så langt, fortalde Solberg.

Prosjektet vil bli finansiert med bompengefinansiering i starten og statleg andel den siste delen.

Står på midtre trasé

Helge André Njåstad (Frp) viste til at opposisjonspartia løfter fram att midtre trasé.

– Den diskusjonen er desse fire partia ferdig med for lenge sidan. Vi skal bygga midtre trasé, pengane ligg inne, konstanterte Njåstad.

– Fleire av oss lovde Hordfast i valkampen og den lovnaden held vi, supplerte Knut Arild Hareide (KrF).

På spørsmål frå NRK om kva som er akseptabel kostnad svarte Njåstad:

– Vi må vera innstilte på å bruka penger på prosjektet, men samstundes så må vi gå nokre rundar for å få kostnaden ned.

Midtsiden si samleside for E39 Stord-Os

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.