Det blei akkurat så bra som alle hadde håpa på då Marcus og Martinus vitja Osfest laurdag. Sjå video og enorm bildeserie.
Andris Hamrelaurdag 06. aug. 2016 15:15
Bildeserie:
1 av 58
Video: Vidar Langeland, Midtsiden. Fotos: Vidar Langeland og Andris Hamre
Mange var spente i forkant på om det ville bli kaos og mykje trengsel då Marcus og Martinus vitja Osfest laurdag. Men det gjekk over alle forvetningar. Born og foreldre oppførte seg eksemplarisk og følgde anvisningane som blei gjeven av vaktane. Køane var godt organiserte og alt flaut fint.
Allereie ein time før dei to idola kom på scenen sto hylande ungjenter framfor scenen og ropte på idola. Kvar gong ein teknikar eller andre av scenecrewet kom fram kom vinet.
Leverte varene
Så, nøyaktig på slaget klokka 13, kom Marcus og Martinus med dansarar og masker og sirkuset var i gang.
I nær ein time kom den eine hiten etter den andre og publikum sang med og kosa seg. Sjølv ein og anna far med dottera på skuldra kunne tekstane.
– Dette var utruleg gøy. Så artig å få til noko slik på Os, var av orda som gjekk igjen då publikum forlot grusplassen etter konserten.
Akkurat passe
Under konserten var det fleire som kommenterte til Midtsiden at dei var nøgd med arrangørane som ikkje hadde seld meir enn 5000 billettar til konserten. Framfor scenen var det sjølvsagt trangt om plassen, men bakover på grusbanen var det rom for å bevega seg.
– Nettopp det er heilt strålande. Det er bra dei ikkje har trøkt inn fleire folk, kommenterte ein far som hadde tatt turen frå Åsane for å vera med ungane på Marcus og Martinus-konsert.
Inga helseoppdrag
Midtsiden snakka òg med Sveinung Gangstø, ansvarleg for helsebiteln under arrangementet.
– Det heile ser ut til å ha gått heilt fint. Vi har ikkje hatt nokon oppdrag så lagt, var tilbakemeldinga frå han.
Etter konserten blei det noko kø ved bussane for å kome tilbake til bilane ved Ulven. Trafikken gjennom sentrum gjekk seint timen etter konserten.