Kultur | 30. juli 2013

– Det beste skal til Os!

Riksteateret kjem med Bikubesong, Villanden og Navid (Norske Talenter). – Oseana har blitt ein av hovudscenane våre, seier informasjonssjefen.

– Det beste skal til Os!
Bikubesong opnar Riksteateret sin haust på Oseana (foto: Leif Gabrielsen/Riksteateret)
Andris Hamretysdag 30. juli 2013 15:11

Oseana blei raskt ein av Riksteateret sine faste spelestedar, men no har dei tatt steget til å bli ein sentral scene for det nasjonale teateret som serverer skodespel og framsyningar ut i distriktet.

– Oseana er ein veldig god spelestad og har blitt ein av våre hovudscenar, fortel informasjonssjef Mette Hægeland Blom.

Les òg teatersjef Ellen Horn si vurdering av Oseana: – Ein draumearena

I løpet av det komande halvåret kjem teateret med heile fem av seks framsyningar til Os.

– Mykje å gle seg til

Til Oseana kjem dei med Frode Grytten sin "Bikubesong", Ibsen si "Villanden", komedien Mugg, hiphop-dansestjerna Navid si framsyning "Each One Teach One" og stykket basert på Jo Nesbø si barnebok, "Doktor Proktors Prompepulver".

– Det beste skal til dykk i Os. Publikummet på Os har mykje å gle seg til, stråler informasjonssjefen.

Ei suksessframsyning

Frode Grytten har tidlegare sjølv stått på Oseana-scenen. No kjem sukess-stykket frå Det Norske Teateret, basert på romanen "Bikubesong" i hans fotspor.

Etter 3 år og 40 000 publikumarar i Oslo har Rikstetaret lagt ut på landevegen med den kritikerroste musikalen.

– Ei forestilling til å bli glad, ja nærmast lykkeleg av, skreiv VG og gav terningkast 5 då "Bikubesong" hadde premiere.

Heile 15 mann, ein hund og eit liveband er klare for å innta storstova i oktober.

Each One Teach One

Navid, kjend frå Norske Talenter og Dansefeber, nyttar mykje av tida si til å læra bort alt han kan om hiphop-kulturen til barn og unge.

I samarbeid med Riksteateret legg han i haust ut på turné med framsyninga "Each One Teach One". Ein tittel som byggjer nettopp på det å læra vidare det ein sjølv har lært, og noko som er ein av grunnpilarane i det opprinnelege hiphop-miljøet i Bronx i New York.

- My hope is to inspire the new generation and teach them everything I have learned, seier Navid sjølv.

Om nokre av dansemiljø i Os ønskjer å arrangera inspirasjonsforedrag eller workshop på dagtid med Navid kan ein ta kontakt med Riksteateret.

Ibsen, komedie og promp

Haustens klassiske stykke er Henrik Ibsen si "Villanden" regissert av Stein Winge, med Mari Maurstad i ei av hovudrollene.

Alle familiar har ei sanning dei ikkje vil snakka om, ifølgje regissør Stein Winge. Det er kanskje difor han meiner Villanden er eit av Ibsen sine beste stykkjer.

Teatersjef Ellen Horn har sjølv hatt regien på komedien "Mugg". Komedien spelast som ei matinéframsyning og handlar om to vidt forskjellige vaksne kvinner på pakketur som ufrivillig må dela hotellrom i Moskva, noko som blir både humoristisk og overraskande.

Rett over nyttår er det duka for barneframsyning når Doktor Proktors Prompepulver, basert på Jo Nesbø si kritikerroste barnebok, kjem til Oseana.

– I samband med den framsyninga kan publikum møta Doktor Proktor før framsyninga og få høyra meir om nokre av eksperimenta hans, avsluttar Mette Høgeland Blom.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.