Lokal | 19. mars 2019

Desse får KUP-midlar

1 million kroner vart i dag delt ut av formannskapet - sjå heile lista her.

Desse får KUP-midlar
Årets KUP-midlar er no klare. Kultursjef Lisbeth Axelsen informerte formannskapet om sakshandsaminga. Her frå 17.mai-feiringa på Kyrkjeflaten i 2018. (Foto: KVB) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightysdag 19. mars 2019 15:39

Etter ei kort innleiing frå kultursjef Lisbeth Axelsen om sakshandsaminga, skulle formannskapet røysta over korleis ein million kroner skulle fordelast til kulturlivet i Os.

Nils-Anders Nøttseter (MDG) nytta høve til å kommentera si misnøye med at Oseana Kunst & Kultursenter låg inne på lista;

– Eg tykkjer det framleis er for lite til nyetableringar, og eg reagerer på at vi vel å gje pengar til Oseana, eit hus Os kommune allereie støttar tungt.

Administrasjonen sitt framlegg vart likevel samrøystes vedteke, og årets KUP-utdeling ser då slik ut:

• Kongshaug musikkgymnas - Konsertforestilling «Til deg» - 10.000

• Tilslørte bondepiker - Fem års jubileum, konsert - 10.000

• Os skulekorps - 60 års jubileum, konsert - 50.000

• Durmålslosjen - Mikrofilmfestival - 20.000

• Oldtimers Bigband - Konsert i Oseana med Tils.bondep. - 10.000

• Fortidsminneforeningen, Os - Handverk i Bjørnafjorden - 20.000

• Sløydgruppa - Sløyd/trehandverk for barn - 10.000

• Os Dykkeklubb - Luftkompressor - 30.000

• Os Roklubb - Årer til dobbeltfirer - 30.000

• Os Turlag - Barnas Turlag/Turboklubben - 20.000

• Søre Øyane Grendalag naturb.hage - Materialer, klopper i eventyrløypa - 10.000

• Os skulekorps - Instrumenter og utstyr - 100.000

• Søre Neset ungdomslag - Utstyr til ballett og rekvisitter - 20.000

• Os Sogelag - Utstyr registr. avbilder/film mm. - 50.000

• Os Padleklubb - Barnekajakk og padlevester - 50.000

• IL Øyglimt - Utstyr til trampett - 50.000

• Søfteland hundepark - Utstyr til etablering av hundepark - 10.000

• Lysekloster Idrettslag - Lysekloster cup - 10.000

• Redd Barna Cup - Redd Barna Cup 2019 - 10.000

• Os Turn Fotball - Eat/move/sleep cup 2019 + utstyr - 30.000

• Søfteland TIL - STIL-fotballcup - 10.000

• Søfteland TIL - Friidrettsstevne - 10.000

• Lysekloster idrettslag, friidrett - Friidrettsstevne for barn - 10.000

• Jentefotballdagen - Jentefotballdagen - 10.000

• Guttehandballdagen - Guttehandballdagen - 10.000

• Os juniorbridgeklubb - Bridgeleirar for ungdom - 15.000

• Oseana kunst- og kultursenter - Div. prosjekt for barn og ungdom - 30.000

• Os skulekorps - Individuell musikkopplæring - 50.000

• CISV Os - Utgifter til kokk på barneleir - 20.000

• Stiftinga Det Historiske Tunet Lyngheim - Div. arrangement/verkstad - 30.000

• Folkeakademiet Os - Støtte til lokale lags kulturarr. - 20.000

• Os skulekorps - Korpskonkurranser/NM 2019 - 50.000

• Salt Os - Barnas dag - 10.000

• Lysefjorden Ride- og kjøreklubb - Kurs i trening, kosthold, dressur mm - 10.000

• Os sokneråd - Skapingsdagane, 3 dgr - 30.000

• Lyshornet skulebrass - Rekrutteringsseminar - 10.000

• Lyshornet skulebrass - Korpstur - 5.000

• Os orinteringsklubb - Utarbeiding av o-kart på Lepsøy - 10.000

• JUST3D Olsen - Drift/utstyr Bjørnefjorden rollespill - 30.000

• Kodeverkstedet - Utstyr koding/programmering/gaming mm - 20.000

• Tredreiere vest, Os lokallag - Tilskot dreiebenkar mm - 20.000

• Os sportsskyttarlag - Innkjøp av luftrifler - 40.000

Om det skal kårast ein vinnar, må vel det seiast å vera Os skulekorps, som med fire søknader landa 250.000 i støtte.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.