Sport | 17. aug. 2013

Derby på Nore Neset

Nore Neset tar imot Søre Neset til lokaloppgjer laurdag. Søndag speler fleire andre lag i Os sin første heimekamp etter ferien.

Derby på Nore Neset
Bilde frå Søre Neset - Nore Neset. I dag er det nytt lokaloppgjer, denne gong på Nore Neset sin bane. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 17. aug. 2013 09:54

Os og Lysekloster speler borte i helga, men ein del underhaldning er det likevel å få i heimbygda for fotballinteresserte osingar.

Nore Neset tar imot Søre Neset til derby i 6. divisjon laurdag.

Førre møte, i serieopninga, enda det 1-1. Sidan har Søre Neset 4-3-1 i resultat, Nore Neset 2-1-4.

Kampen startar klokka 13.

Kamp etter kamp på Kuventræ

Søndag speler både damelaget til Os og begge juniorlaga haustens første kamp.

Det eine juniorlaget speler klokka 14, det andre klokka 18.

I mellomtida, klokka 16, speler damelaget til Os mot Krabbetor, som dei spelte 0-0 mot i vår.

4. og 5. divisjon

Os 2 speler også neste kamp heime, men det er ikkje før på onsdag.

Men Lysekloster 2 speler heimekamp søndag klokka 14 mot Rosendal.

Både Os 2 og Lysekloster 2 tapte første kamp etter ferien, då begge spelte på bortebane førre helg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.