Litteratur og historie | 10. nov. 2023

– Der oppe går det i betong, fotball og hest

I går blei årets utgåve av Osingen presentert.

– Der oppe går det i betong, fotball og hest
I årets utgåve av Osingen kan du blant anna lesa seks sider om Brødr. Borgen Ferdigbetong. (Faksimile: Osingen 2023)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 10. nov. 2023 10:11

Årets utgåve av «Osingen» er no i hyllene hos bokhandelen Ark på AMFI, på Er-An Bilverksted (etter at kiosken på bensinstasjonen blei lagt ned) og på Bunnpris Vedholmen Landhandel.

I Osingen 2023 kan du blant anna lesa 6 sider om familieverksemda Brødr- Borgen Ferdigbetong, 12 sider om Askeladden og Henrik J. Askviks sønner, om laksestrid i Oselvo, som blei klaga inn til erkebiskopen i Trondheim (!), perlefiske i Oselvo og feriekoloniane i Os i starten på 1900-talet.

I år har osingen i Nasa, Alfred Lunde, blitt heidra med minnesmerke. I Osingen kan du lesa om onkelen Albert Særvold, som lova å husa nevøen, og betala utdanninga hans, om han tok studiene på alvor. Kven var onkelen, og korleis hadde han det i japansk fangeleir under andre verdskrig?

Framsida på Osingen 2023.
Framsida på Osingen 2023.

Dette er 5 av 16 artiklar i årets utgåve, den 8. utgåva i regi av Os Sogelag.

Skriftnemnda til årets utgåve har bestått av: Odd Tøsdal (leiar), Jostein Hausberg, Tove Nøss-Håvardstun, Ann Midtbø og Geirmund Dyrdal.

I går var inviterte gjestar saman med skriftnemnd, forfattarar til årets utgåve og styre - i alt 61 deltakarar - samla samla i Oseana Kafé og Restaurant for bokslepp og presentasjon av Osingen, sak for sak.

Vi kjem tilbake med meir frå presentasjonen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.