Denne kjem i november
Om ikkje frosten kjem først. Leikeapparata på Lyngheim er satt i bestilling.
Som Midtsiden skreiv i september har kommunen bestemt seg for kor dei skal plassera leikeapparata på Lyngheim. I formannskapsmøtet tysdag kunne kommunalsjef for samfunnsutvikling, Aina Tjosås, fortelja at no var både leikeapparat og trimapparat bestilt.
– Dei kjem på plass i løpet av november, om ikkje frosten kjem først.
– Plasseringa blir på trekanten mellom den nye turvegen, åsryggen og skykkjo på tunet. Det meiner vi er den optimale plasseringa for nærmiljøanlegget. Det tek ikkje utsynet for husa bak, ligg skjerma i høve dei bratte skrentane ned mot sjøen og skjema i høve tunet ved at det ligg bak skykkjo, forklarte Tjosås.
Trampoline, trim og klatrestativ
Tjosås fortalte at ein hadde bestilt ei nedgravd trampoline, enkle trimapperat egna for både unge og gamle og eit klatrestativ i stål.
– Opprinneleg var jo planen eit trebasert klatrestativ ute på plassen, men det såg vi blei for ruvande og dominerande. Den løysningen vi no har vald er nettare og mindre synleg i si utforming. Samstundes er det ei løysing som vil kreva mindre vedlikhald enn eitt i tre. Det er inga grunn til at dette skal bli eit konfliktområdet. Eg trur resultatet blir veldig mykje betre enn det vi hadde sett for oss for eit kvart år sidan.
Har gjort ein kjempejobb
Kommunalsjefen var tydeleg på at det hadde tatt tid, men at tida har bidratt til eit betre resultat.
– Det har tatt tid, men blitt mykje betre. Stiftinga der ute har gjort ein kjempejobb med å organisera arbeidet i tett kontakt med teknisk eining. Den gamle bossfyllinga og mykje av vegetasjonen er rydda. VI trudde vi trengde ein 3-4 lass med stein, men det blei til slutt 60 lass kortreist stein frå OHARA-anlegget og 30 lass med jord. Heile området der ute er blitt veldig flott.
Kostnaden på anlegget blir omlag 600 000 kroner, kor 300 000 av dei kjem i form av spelemidler. Nærmiljøanlegget blir eit anlegg for ungar i alderen 4-12 år.