Denne har overnattingsplass til to
Askeladden lanserer 4 til 5 nye båtar for 2017-sesongen. C65 Center Console er den første walkarounden med påhengs på 16 år.
Askeladden Boats AS, som nyleg fekk ny eigarstruktur, går inn i 2017-sesongen med høge ambisjonar og ei lang rekke nylaneringar.
– Vi lanserte éin 2017-modell på Båter i Sjøen på Aker Brygge tidlegare i haust og har minst tre til som kjem på messene over nyttår, seier dagleg leiar Henrik Askvik, og ramsar opp Gøteborg, Helsingfors og Dra til Sjøs på Sotra, alle i februar.
– Viss vi rekker det så klarer vi fem båtar, den siste blir i så fall lansert på Sjøen for Alle i Oslo i mars.
Bygger vidare på C65
Båten som blei lansert tidlegare i haust var Askeladden C65 Bow Rider, den første i sin klasse med eige toalettrom.
Denne bowrideren bygger vidare på suksessformatet C65, som starta med ein daycruiser som innfridde forventningane som ny bestseljar.
No kjem Askeladden med nok ein C65, denne med senterkonsoll.
50 knop og overnatting til to
Ein av dei minst tre nye båtane som skal lanserast på nyåret er Askeladden C65 Center Console.
Båten er bygd for motorstyrke frå 150 til 300 hestekrefter og har eit fartspotensiale på rundt 50 knop.
Med lengde på 6,45 meter og breidde på 2,46 har båten plass til 7 personar, 2 av dei til overnatting i kabin.
– Dette er vår første senterkonsoll med overnatting sidan S6 Sport, som hadde innanbordsmotor. Elles må vi tilbake til Askeladden 635 walkaround, som vi lanserte i 2000.
Svært godt mottatt
Badeplattform og rikeleg med LED-lys er blant det som er med i standardpakken, akterkalesje og vannskikrok er ekstrautstyr.
I toplinepakken får du òg spyletoalett, trykkvatn og kjøleskuff.
– Forhandlarane reagerte momentant då dei såg skissene. Bowrideren blei òg godt mottatt, men eg ser i heile forhandlarnettet at Center Console allereie er ein båt som marknaden har stor tru på, seier salssjef Jonathan Dyrstad.