Næringsliv | 26. juni 2014

Denne har du aldri sett før!

Salssuksessen VW eGolf kom til Vestlandet i dag – direkte til norsk snikpremiere på Os.

Denne har du aldri sett før!
VW eGolf kom til Vestlandet i dag. 1 av 3 bilar i vest er utstilt på Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 26. juni 2014 10:58

Bildeserie:

eGolf selte 1200 eks på éin dag ved salsslepp i februar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
eGolf selte 1200 eks på éin dag ved salsslepp i februar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Medan VW e-UP har plass til 4 har eGolf plass til 5. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Medan VW e-UP har plass til 4 har eGolf plass til 5. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
LED-lys er standard. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
LED-lys er standard. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ryggesensor med kamera er ekkstrautstyr. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ryggesensor med kamera er ekkstrautstyr. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Denne skjermen kostar 17.000 ekstra på ein vanleg Golf, men er standard på eGolf. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Denne skjermen kostar 17.000 ekstra på ein vanleg Golf, men er standard på eGolf. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Geir-Magne er LITT nøgd med å få snikpremiere i heimbygda. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Geir-Magne er LITT nøgd med å få snikpremiere i heimbygda. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Møller byr også på Audi, som S3 med 300 hk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Møller byr også på Audi, som S3 med 300 hk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
... og nye A3 cab. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
... og nye A3 cab. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Nye Skoda Rapid (blå). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Nye Skoda Rapid (blå). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Team Møller, f.v.: Stig Inge Olsen, Erik Michelsen, Geir-Magne Johnsen, Helge Bakke, Jan Sagstad og Lukas Albrecht. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Team Møller, f.v.: Stig Inge Olsen, Erik Michelsen, Geir-Magne Johnsen, Helge Bakke, Jan Sagstad og Lukas Albrecht. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 11

I dag starta marknadsdagane i Os og ein av utstillarane er ekstra stolt over varene han viser.

– Bilen har ikkje vore innom butikken ein gong. Han er nett kome til Noreg og tre bilar kom over fjellet til Vestlandet i natt, seier Geir-Magne Johnsen frå Møller Bil Nesttun.

– VW eGolf har ikkje hatt noregspremiere, så vi kan nok kalla utstillinga vår på Os for ein norsk snikpremiere, seier han med eit stort smil.

Osingen Geir-Magne jobbar mest med nyttekjøretøy og viser vidare til kollega Erik Michelsen når det kjem til salstal og tekniske data på elbil-versjonen av Golf.

Selte 1200 første dag

VW eGolf blei sleppt på den norske marknaden i slutten av februar. Responsen er eit fenomen i seg sjølv.

– Den selte 1200 eksemplar første dag og har til no, før levering i Noreg, selt rundt 2000, fortel Michelsen.

– Berre på Nesttun har vi selt nærmare 200 eksemplar. Dei som er rask og bestiller no vil truleg få bilen sin produsert i år og kanskje levert rundt årsskiftet.

– Kva trur du er årsaka til den enorme responsen?

– Golf har i mange år vore Noregs mest selte bil. Den er tøff, fin og praktisk, Golf appellerer til alle, frå 18-åringar til pensjonistar.

– Når denne no kom som elbil, og prisen ikkje er særleg mykje høgare enn den litt mindre VW e-UP, som også har selt bra, forstår eg at folk bestiller.

115 hk og mykje utstyr

eGolf startar på 255.000 kroner i pris. Stappar du bilen full med utstyr landar du på rundt 300.000 kroner.

– Mykje utstyr er standard, som LED-lys framme og bak og den største versjonen av touchskjerm med navigasjon.

– I ein vanleg Golf må du betala 17.000 berre for skjermen.

Av ekstrautstyr som kan vera verdt å skaffa seg er skinnsete og ryggesensorar med kamera.

VW eGolf kjem med éin motor, som er på 115 hk.

Sport og nytte

Møller stiller med 12 bilar i utstillinga i Os sentrum.

VW nyttekjøretøy har med tre bilar, dessutan er det Skoda og Audi i utvalet.

– Vi har med spreke Audi S3 med 300 hk, til ein startpris på 750.000 kroner, og nye A3 cabriolet, fortel Stig Inge Olsen.

– Også Audi kjem med ny elbil, til hausten får vi inn A3 plug-in hybrid, som startar på rundt 350.000 kroner.

Av praktiske årsaker blir det ikkje prøvekjøring under marknadsdagane, men ei stor utstilling å sjå på blant dei til saman rundt 50 utstillarane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.