Lokal | 15. mai 2019

Den som ventar ...

... kan no kryssa Rv 552 litt tryggare.

Den som ventar ...
«Fortløpande» - i løpet av 2018 vart avslutta natt til i dag. No er det dei to gangfelta mellom rundkøyringa og brua endeleg slik mange har sakna dei. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 15. mai 2019 07:53

I desember 2017 sendte Os kommune brev til Statens vegvesen om det oppheva gangfeltet mellom Esso og Torggata. Os Eldreråd var blant dei som meinte at gangefeltet var i farleg dårleg stand.

I april 2018 kunne Statens vegvesen fortelja at dei hadde funne pengar til utbedring, og at gangfeltet ville bli fiksa «fortløpande» - i løpet av året. I 2018 altså.

I juli 2018 blei det dumpa to lass grus ved gangfeltet, og noko arbeid vart gjort.

I august 2018 reagerte mange på at overgangen no var ein negativ fartsdump, meir eit hol. Området var utfordrande for både gåande og bilistar. Statens vegvesen kunne kommentera at det var «litt uheldig at det blei ståande sånn».

I oktober 2018 kom det nye lys i rundkøyringa og ved dei to gangfelta. Det vart òg meldt at no skulle det fiksast frå dump til hump.

I november dukka Statens vegvesen opp att. Men berre for å flikka på det opphøgde gangfeltet.

Bente Isdal hos Statens vegvesen kunne òg fortelja at merkinga av gangfelta var meldt inn, og ville komma på plass så snart det var praktisk mogleg.

– Sjølvsagt er dette vêravhengig, og vi kan ikkje lova noko, la ho til.

Hurra!!!

I dag er det to dagar til 17. mai, sola skin, og Os byrjar å bli pynta til den store dagen på fredag.

I løpet av natta har merkinga komen på plass, så då fekk saka ein endeleg slutt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.