Den mørkaste skulevegen i Os?
Hegglandsdalsvegen har fått meir trafikk og mindre lys, men er knapt nemnt i Os kommune sin trafikkskringsplan.
Fylkesveg 137 Hegglandsdalsvegen har eit mørklagt parti forbi den nedlagte Lyssand-fabrikken inn mot Vallabrua.
– Problemet er ikkje at armaturen er gått, det har aldri vore veglys her. Trafikantane fekk litt gratis då det var produksjon i fabrikken, spesielt då det blei jobba skift. Men no er det svarte natta, seier nabo til vegen, yrkessjåfør Erik Ask.
– Ei anna utfordring er at det er fleire høgdeforskjellar på vegstykket, så bilistane har lett for å bli blenda av møtande trafikk.
Det mørke stykket, som er cirka 300 meter langt, har ikkje fortau. Det er også to busslommer på det aktuelle vegstykket.
– Eg reiser på jobb før ungane går til skulen, og dei fleste blir nok køyrd til skulen, særleg no når Borgavegen er stengt. Men på ettermiddag og kveld er det mange som går og syklar langs vegen, både ungdom og vaksne. Dei som bur bak Lyssand-fabrikken må dessutan kryssa vegen for å ta buss til Os.
Også innover mot Vallabrua er det ofte mørkt.
– Den eine lampen som er innanfor området er oftare mørk enn lys. Det blir mange mørke metrar når også denne lampen er av.
Kraftig auke i trafikk og tungtrafikk
Dei siste åra har Hegglandsdalsvegen fått fleire nye bustadar, ny barnehage og nye verksemder i industriområdet vis a vis den nedlagte Lien-fabrikken.
– Særleg tungtransporten har auka kraftig. Då meiner eg at noko så billig og enkelt som eit par lyktestolpar burde stå høgt på prioriteringslista, spesielt når det mørkaste partiet på vegen er mellom det store bustadområdet på Hjelle og skulane i Os sentrum, seier Ask.
BKK har ei eigen side der du kan melda om mørke veglys, og eit kart som viser status. I kartet blir det stadfesta at det ikkje er veglys i det aktuelle området.
– Har ikkje vore i den gata
Bente Isdal, som jobbar med trafikksikringstiltak hos Statens vegvesen, seier ho ikkje kjenner til problemet.
– Vi har ikkje vore i den gata som eg kjenner til.
– Vi kan reisa ut og vurdera forholda på plassen, om området står på prioriteringslista til Os kommune.
Mange punkt på lista
Os kommune har eit eige utval som jobbar med å kartlegga trafikktryggleiken i Os og å prioritera område og tiltak. Leiar for utvalet er same person som er leiar for plan- og bygningsutvalet.
Avtroppa leiar, Ståle Skaatun (H), seier han ikkje kan hugsa at det mørklagte stykket av Hegglandsdalsvegen har vore tema i nyare tid. Påtroppa leiar for PBU, Gustav Bahus (Frp), seier han gjerne tar tak i saka. Plan- og bygningsutvalet har sitt første møte i inneverande valperiode i morgon.
– Vi får ofte innspel frå innbyggarane og sjølv om det i førre rullering blei sett ei prioriteringsliste så kan nye innspel leggast fram og få auka prioritering, seier teknisk sjef Marianne Kramer.
Kommunedelplan for trafikksikring blei sist rullert og godkjent i april 2014.
I planen er det rundt 70 punkt. Cirka ein tredel av desse er rangert som førsteprioritet, den neste tredelen som andreprioritet og dei nedste som tredje pri.
Klatra frå sisteplass
Hegglandsdalsvegen er så vidt nemnt i planen. Som ein av fleire på 2. pri står det:
«Hegglandsdalsvegen (Hauge-Borgavegen). Smal veg, mykje trafikk.»
Heilt nedst på lista, som det siste av punkta på 3. prioritet, finn vi nedsett fartsgrense på Søvikvegen.
Vegen fekk som kjent redusert fartsgrense i ein fei etter at nybakt lokalpolitikar Susanne Sperrevik (H) lokka fylkesordføraren med seg på spasertur i valkampen.
Les òg: Den korte vegen til litt makt
Budsjett for 2016
Isdal hos Statens vegvesen seier ho tviler på at tiltaket får prioritet i denne omgangen.
– Budsjettet for 2016 har gått frå oss til fylket, og der er ikkje Hegglandsdalsvegen med.
Gustav Bahus, som måtte gje frå seg leiarvervet i samferdsleutvalet etter valet, men framleis sit i same utval, er meir optimist.
– Vi skal inn i budsjettforhandlingar no, og det er fleire punkt eg har tenkt å kjempa for. Dette verkar på meg som eit nødvendig og rimeleg tiltak. Når vi har sett nærmare på det kan det henda at dette er noko vi kan få gjennom, seier Gustav.