– Den finaste bursdagspresangen eg kunne fått
Skotårsbarnet Vibeke Harild fylte «12» år i går. Ho fekk nokre gåver som ho set stor pris på.
I år er det skotår igjen og skotårsdagen måndag blei ekstra god for kunstnar, gallerist og brumotstandar, danske Vibeke Harild frå Øyane.
– Kraftig auke i antatt pris på fjordkryssinga er som mange har venta, og med på å gjera bru over Bjørnafjorden stadig mindre realistisk. Presentasjonen av desse tala var den beste presangen eg kunne fått, seier Vibeke.
Ho er blant fleire i Øyane som fryktar at ei eventuell bru vil øydelegga mykje av skjergarden frå Søre Øyane til Halhjem.
– Men eg fekk fleire gåver eg set stor pris på, legg ho til.
– Eg har fått blomar og eg har fått pengegåve eg skal bruka til ein sykkelferie på Kreta til hausten. Då eg var yngre budde eg tre månadar på Kreta, no gler eg meg til å sykla på ferieøya og eg legg ruta innom fleire spennande arkeologiske destinasjonar.
Antiklimaks
Åra utanom skotår har Vibeke feira bursdagen sin 1. mars.
– Eg hugsar at andre syntes synd på meg som ikkje hadde bursdag kvart år. Men eg syntes ikkje synd på meg sjølv, eg hadde besøk som alle andre.
Sjå òg: – Slepp å fylla 50 (intervju frå 2012 med fire andre skotårsborn)
Skotåra har ho ofte hatt ambisjonar om å gjera noko meir ut av feiringa, men det har ikkje alltid blitt sånn.
– Det har blitt litt antiklimaks, og gjerne ikkje passa. Men i år skal det bli noko ekstra. Vi hadde eit lite familiebesøk i går, og følgjer opp med ein aktivitetsfest nærmare sommaren, då blir det Mesternes Mester, fortel «12-åringen».
Kvifor er det skotår?
Årsaka til at vi har skotår er at jorda bruker meir enn 365 døgn på å gå ein runde rundt sola, nærmare bestemt 365,2422 døgn.
For å kompensera for den ekstra tida blir det lagt inn ein ekstra dag kvart fjerde år.
For å kompensera for at det ikkje er er nøyaktig 1/4 døgn «for mykje» gjeld eigne reglar for hundreårsskifta.
Årsaka til at det er februar som har færrast dagar, og som får tilleggsdagen når det er skotår, er at februar tidlegare var den siste månaden i året.
Les meir om dette på Wikipedia.