Næringsliv | 25. aug. 2017

Den beste Rema-kjøpmannen i regionen

Best i vest: Trond Hope om Æ-suksess og tøff leverandør-merksemd.

Den beste Rema-kjøpmannen i regionen
Regionsdirektør Arild Remme besøkte Trond Hope på Kuven Stasjon i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 25. aug. 2017 12:34

I helga var 600 kjøpmenn saman med kjedeleiinga på den årlege «rikssamlinga», som denne gong fann stad i Stavanger med staseleg kåring og fest i Stavanger Konserthus.

– Det var stor å gå opp på scenen og sjå utover den store og spesielle Fartein Valen-salen, med balkongane du knapt legg merke til når du sit nedst, å sjå kor mange folk som var i salen, seier Trond Hope.

Han eig med Hope Holding AS dei to butikkane Rema 1000 Idrettsvegen og Rema 1000 Kuven Stasjon. Kona Ingunn er kjøpmann og medeigar i Idrettsvegen, han sjølv styrer Kuven Stasjon.

I Stavanger blei han kåra til årets kjøpmann i ein av dei 14 regionane, i morgon blir det feiring med servering og underhaldning for små og store på parkeringsplassen.

– Eg har fått prisen éin gong før, i 2003. Denne heng litt høgare, marknaden er meir krevjande no enn før.

– Eit lokalt mønsterbruk

Regionsdirektør Arild Remme var torsdag til Os for å gje ein ekstra bukett til Hope.

– Eg har berre vore to år i gamet, Trond har vore ein god samtalepartnar sidan start. Han er tydeleg, og vi har hatt våre diskusjonar, men vi jobbar godt mot felles mål, også når det er detaljar vi ikkje er einige i, seier Remme.

I juryens begrunnelse står det blant anna: Kjøpmannen viser eit engasjement langt utover det man kan forvente seg. Butikken er veldrevet og fremstår som et mønsterbruk.

– Det er kunden som er sjefen vår. Trond stiller opp for både kunden, eigne tilsette, regionen og kjedeleiinga. Utval og pris er essensielt, i tillegg kjenner han nærmiljøet sitt godt og er svært opptatt av å by på varer av lokale produsentar.

Dei to Rema 1000-butikkane i Os er dei største lokaleigde butikkane i kommunen, og for eksempel dei største forhandlarane av øl frå Lysefjorden Mikrobryggeri og dei einaste utanom bakeriet sjølv, som sel brød frå Hagavik Hjemmebakeri.

– Vi ser framleis etter nye leverandørar. Det treng ikkje vera det store volumet, men vi ser kor mykje det betyr for kunden, seier Hope.

Æ-suksess og forhandlingar

Prisen Hope mottok var for 2016. Som kjent starta 2017 med ulike formar for brak for Rema. Først lanserte dei appen Æ. Målsetnaden var å passera éin million brukarar i løpet av året, men allereie på to døgn var den lasta ned av 260.000 brukarar og 23. februar passerte dei millionen.

Så fekk dei merksemd for forhandlingane dei hadde med leverandørane sine. Det interne omgrepet «bestevenner» kom ut i media, og blei meir eller mindre brukt konsekvent av pressen.

– Etter at Coop fekk kjøpa Ica blei Coop og Norgesgruppen svært store i forhold til oss. For at vi skulle klara å halda fram som best på pris, trass at to av konkurrentane har høgare volum, knytte vi oss tettare til enkelte leverandørar enn andre. Dette kom dårleg fram i rikspressen og vi fekk svi.

– Å forhandla med leverandørane er ein del av kvardagen i denne bransjen, at det resulterer i at enkelte leverandørar får redusert hylleplass er òg vanleg. Men denne gong blei pressedekningen av forhandlingane våre løfta til nye nivå, synest Rema-kjøpmannen.

Som eksempel frå tidlegare år nemner han at Pepsi har vore ute av hyllene eit år, det same har Grandiosa-pizza vore for ei tid tilbake.

– Dei fleste leverandørane forholder seg profesjonell uansett utfall, dei veit det kjem nye forhandlingar. Andre, som er store, og med svært sterke eigarar i ryggen, gjorde seg plutseleg liten og ville helst framstå som eit offer. Det var overraskande og skuffande, ikkje minst då vi framleis er store kundar av desse.

Mange leverandørar veit òg å laga noko som enkelte vil kalla er unødig mange variantar, for å få fleire hyllemeter i butikk.

– Vi har for eksempel hatt Hansa øl heile tida, men 6-pakningar og ikkje 10-pakningar no det siste året. Ingen butikkar kan ha heile sortimentet frå alle leverandørane, og nye forhandlingar er det i alle daglegvarebransjane frå år til år.

No har Æ passert 1,2 millionar brukarar. Kundane har fått til saman 400 millionar kroner i rabatt til no i år og diskusjonen rundt leverandøravtalane har lagt seg - på veg inn i nye forhandlingsrundar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.