Demens: Startar kurs for pårørande
Spesialist Audun Myskja kjem til Luranetunet for å gi råd.
Bjørnafjorden kommune har oppretta «pårørandeskulen», eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær venn med demenssjukdom.
Pårørandeskulen er open anten personen med demens bur i eigen heim eller på institusjon.
– Gjennom fagleg påfyll, plenums- og gruppesamtalar får du kunnskap om demens, og innsikt i kva følgjer sjukdomen kan gi for personen med demens, deg som pårørande og øvrig familie. Du møter andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området, opplyser kommunen.
Skulen går i kantina på Luranetunet over tre dagar i november.
Første dag, torsdag 4. november, kjem Audun Myskja for å halda foredrag.
Myskja er overlege og spesialist i allmennmedisin med doktorgrad i musikk for eldre med demens og andre sjukdommar. Han har i mange år jobba for å få musikk, sang og bevegelse integrert i helsevesenet, og med korleis du og dine kan bygge helse i et langtidsperspektiv.
Målet for pårørandeskulen er å:
- gi pårørande auka kunnskap om demenssjudommar og innsikt i metodar for kommunikasjon og samhandling med personar med demens.
- bidra til at pårørande får betre kjennskap til rettar, lovar og korleis gå fram for å få kontakt med hjelpeapparatet.
- tilby støtte gjennom å møta andre pårørande som er i same situasjon.