Sport | 18. feb. 2013

Delvis nøgd med poengdeling

Os trudde dei skulle slå Førde greit, men handballdamene blei liggande bakpå og måtte kjempa for å klara sesongens første uavgjorte.

Delvis nøgd med poengdeling
Elise Hjelle var blant dei beste på Os sitt lag laurdag. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 18. feb. 2013 10:54

Laurdag var det oppgjer mellom Os på 2. plass og Førde på 3. plass på 2. divisjonstabellen.

Bortelaget gjekk i føringa, og leia blant anna 2-7 og 9-16, men Os henta seg inn igjen fleire gongar.

– Vi låg likt på 17-17 og 23-23, men kom oss aldri ovanpå så vi fekk styringa, seier trenar Erlend Lyssand.

Os - Førde 27-27
Målskårarar, Os: Madeleine Hjertnes 10, Emilie Hjertnes 5, Elise Hjelle 3, Marte Øvreeide 3, Tonje Hjertnes 2, Irene Tangerås 2, Maria Stangeland Lunde 2.

– Der og då var vi nøgd med poeng, men i etterkant er vi ikkje heilt happy, Førde er eit lag vi skal slå, meiner Lyssand.

Madeleine skåra 10 mål i kampen. Lyssand trekk fram fire andre som spelarar han er spesielt nøgd med i oppgjeret med Førde.

– Streken og venstrevingen vår fungerer bra for tida, Emilie og Marte på strek og Tonje og Elise på ventreving gjorde ein veldig god jobb i går, synast trenaren.

Handballdamene til Os har no tre veker ferie før sesongens tre siste kampar, alle på heimebane.

Kampen om opprykk er dei for lengst hekta av, Jotun har vunne 17 av 17 til no. Det ligg an til at Os skal halda seg på 2. plass ut sesongen, men sesongen blir avslutta med toppkamp mot Jotun, så Os bør ikkje gjera for mykje feil i tredje siste eller nest siste kamp.

Her er sesongens siste kampar for Os:
10.03 Os - Fyllingen
14.03 Os - Stord
23.03 Os - Jotun

Sjå tabell

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.