Deltok i sitt første vertikalløp - kom på pallen i Spania
Andreas Søfteland «klatra» 1000 høgdemeter på 42 minutt.
På tampen av ei treningsreise med Opptur Motbakkeklubb oppdaga Andreas Søfteland, som i fjor, at det skulle gå eit motbakkeløp før heimreise.
– I fjor var det fjelløp med halvmaratondistanse (der Andreas sprang feil, men tok ein fin 3. plass), i år var det regional meisterskap i vertikal. Dette er var mitt første vertikalløp, fortel Andreas, som heime har deltatt i løp som Stoltzekleiven Opp, Skåla Opp og Ulriken Opp.
Kriteriet for å kalla eit løp vertikalt er at nemleg at stiginga må vera på minst 1000 høgdemeter og løpet i alt på under 5000 meter lengde. Dette løpet var 3,6 km langt og altså med meir enn 1 km stigning.
Passerte 30-40 løparar på rullande underlag
Meisterskapen var regional, open for andre, men ikkje retta mot internasjonale løparar.
– Det tok si tid å prøva å forstå den spanske nettsida, og eg oppdaga ikkje før start at deltakarane starta i intervall.
– Det var ei seeda gruppe som starta sist, men med lengre intervall så dei ikkje måtte springa forbi så mange. Sjølv hamna eg midt i ei vanleg gruppe og måtte pasera 30-40 stykker på veg opp. Det tok ekstra på kreftene.
Underlaget var heller ikkje ideelt.
– Fleire stadar var det mykje laus stein som rulla då du trakka til.
Likevel var Andreas berre eitt sekund fra 2. plass og eit knapt halvminutt frå siger.
– Fantastisk treningsopphald
Det er tredje gong Andreas er i Spania for å trena med venar i motbakkeklubben. Vertsskap og organisator er klubbkollega Klas Færøvik, då familien hans i ei årrekkje har hatt feriebustadar i Albir.
– Klas og Charlotte er fantastisk vertsskap, og er flinke til å vera på oppdagingsferd for å finna nye løyper til resten av oss kjem nedover.
– Dei som vil ha kortare turar er gjerne med i same løype eit stykke, for så å jogga tilbake. Passar det sånn med terrenget så køyrer dei til ein annan stad og plukkar oss opp, eller at vi returnerer til same stad.
– Både små landsbyar, ulike utsiktspunkt og sjølve landskapen er nydeleg å oppleva, synest Søfteland.
Siktar seg inn på NM i juni
Med god form, i alle fall i spansk målestokk, etter vinteren, ser Andreas no fram til sesongens første store mål, NM.
– «Skuggenatten Opp» i Telemark er årets NM, det blir arrangert i starten på juni.
– Før det så skal eg delta i Løvstakken Opp og Ulriken Opp, til hausten blir det nok Skåla Opp og Stoltzen. Kanskje vil eg delta i ein noregscup òg, men det blir neppe sånn at eg reiser rundt og deltar på alle noregscupane.