Politi | 05. feb. 2022

Delte ut to forelegg på E39

Hadde fartskontroll i 70-sona.

Delte ut to forelegg på E39
UP hadde kontroll på E39 i natt. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 05. feb. 2022 09:47

I 00.15-tida natt til laurdag hadde utrykningspolitiet fartskontroll på E39.

– To forelegg blei skrive ut, fortel vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

Høgaste fart blei målt til 82 km/t i 70-sona.

Det fører til 3.600 kroner i forelegg, men ingen prikkar på førarkortet.

Du får to prikkar på førarkortet om du køyrer 11 km/t for fort, men det er viss fartsgrensa er 60 km/t eller lågare.

Når fartsgrensa er 70 km/t eller høgare må du opp i 16 km/t over grensa for å få prikkar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.