Delte ut 3000 drakter
Elleve lag frå Os er blant dei som fekk ytt draktsett av BKK.
BKK har delt ut 3000 drakter til barn og ungdom, og har med det passert 60.000 spelerdrakter på Vestlandet.
Draktutdelingen er eit av BKK sine viktigaste sponsortiltak, draktene med bag blei utdelt i BKK si kantine på Kokstad i Bergen.
– Det er alltid like kjekt å vera med å bidra til at så mange barn kan få nye drakter, seier sponsoransvarlig Kjersti Drangevåg i BKK.
Utdeling av draktsett til lag i BKK sine eigar- og vertskommunar starta i 1997. Det blir delt ut drakter og idrettstøy til aldersbestemte klassar innan fotball, handball, basket og volleyball, men det er òg mogleg å søka om klede til andre idrettar.
Årets utdeling blei gjennomført av Robin Dale Oen frå The Dale Oen Experience.
Desse laga frå Os kommune fekk drakter:
Lysekloster IL Jenter 9 år
Lysekloster IL Gutter 8 år
Os Turn Fotball Gutter 6 år
Os Turn Håndball Gutter 7 år
Lysekloster Fotball Gutter 13 år
Lysekloster Fotball Jenter 14 år
Nore Neset IL Jenter 15 år
Nore Neset IL Jenter 12 år
Os Turn Fotball Jenter 11 år
Os Turn Håndball Jenter 11 år
Os/ Nore Neset Jenter 13 år