Lokal | 24. des. 2014

Delte ut 184 posar med gåver

– Det er heilt fantastisk, eg er så takknemleg, seier Birte om responsen ho har fått på Julekorg-initiativet ho starta.

Delte ut 184 posar med gåver
Birte S. Pedersen og sin gode medhjelpar, sonen Nicholas, har fylt opp bilen med nokre av dei 184 juleposane som skal leverast denne veka. (Foto: KML)
Kari M. Lyssandonsdag 24. des. 2014 09:54

Bildeserie:

Lisbeth Arentzen frå Hagavik Hjemmebakeri kunne gleda mange med kaker, konfekt og snop. (Foto: privat)
Lisbeth Arentzen frå Hagavik Hjemmebakeri kunne gleda mange med kaker, konfekt og snop. (Foto: privat)
Ringo Pluss på Amfi Os har fått inn mange julegåver som vil gleda mange born i jula. (Foto: Privat)
Ringo Pluss på Amfi Os har fått inn mange julegåver som vil gleda mange born i jula. (Foto: Privat)
Hannah, Dorthea, Nora og Marielle fekk bli med og levera 13 juleposar frå Kulur Kuvågen barnehage. (Foto: KML)
Hannah, Dorthea, Nora og Marielle fekk bli med og levera 13 juleposar frå Kulur Kuvågen barnehage. (Foto: KML)
1 av 3

I november oppretta Birte S. Pedersen Facebookgruppa Julekorger 2014 med eit håp om å samla inn cirka 40 fylte julekorger som ho ville dela ut til nokon som ikkje har råd til å unna seg noko ekstra i jula.

– Det har tatt heilt av, på siste opptelling var vi kome opp i 184 korger, eller posar. I tillegg har vi fått mykje ekstra, fortel den overvelda eldsjela når Midtsiden tar ein prat med ho nokre dagar før jul.

Birte fortel om ei enorm gjevarglede frå osingar, både enkeltpersonar og bedrifter.

– Yvonne Nagelsen-Balland har, i tillegg til å vore med å køyrd ut juleposer, kontakta fleire store firma, som Toro, Møllerens og Findus, og skaffa oss enormt med matvarer. Lisbeth Arentzen frå Hagavik Hjemmebakeri har brukt fritida si til å baka kaker, konfekt og snop.

– Robert Kaastad frå Os Anlegg AS har samla inn pengegåver frå andre firma i Os. Dei pengane skal vi bruka på julegåver og nødvendige ting.

Fylte 13 posar på få dagar

Dette er berre nokre av dei mange som har engasjert seg. I tillegg har blant anna Ringo på Amfi Os gjeve 20 prosent rabatt på gåver som kundane vil kjøpa til julekorg-saka, noko som har resultert i to svære posar med julegåver.

– Eg er så utruleg takknemleg for alle som har vore med og bidratt på alle måtar, det er viktig å få fram at dette hadde ikkje gått utan dei.

I Kulur Kuvågen barnehage heiv dei seg rundt og klarte å fylla 13 posar på nokre få dagar.

– Alle borna har tatt med seg noko å putta i posane, vi har til og med hatt foreldre som har kome og levert uten at bornet deira har vore i barnehagen den dagen, fortel dagleg leiar Mariell Aanes.

Ho er imponert over engasjementet til Birte, som ho seier gjer ting mange tenker dei skulle ha gjort.

– Vi trenger sånne som Birte, ho får ting i gang.

Heile familien involvert

Sjølv om Birte har fått inn mykje meir enn ho hadde trudd så manglar det ikkje på mottakarar, og ho har også blitt kontakta av fleire instutisjonar og andre aktørar som veit om nokon som treng ei hjelpande hand i jula.

– Borna mine er veldig overraska over kor mange som treng hjelp. Her har dei lært noko viktig.

For det er ikkje berre Birte som har brukt adventstida si på andre, her har heile familien vore involvert.

– Det har vore fullt kjør heile tida, og var eg ikkje heime så var det ungane eller mannen min som tok imot juleposar som har blitt levert frå tidleg til seint.

– Klar til neste år

Etter å ha gjort dette for første gong har ho sett nokre ting ho vil gjera annleis neste år. At ho vil halda fram, det er ho sikker på.

– Det er tydeleg eit stort behov. Eg er klar til neste år, men vi bør nok vera litt fleire, for det har vore veldig travelt.

– Og vi bør få låna oss eit lokale der vi kan ta imot gåver til faste tidspunkt, så ikkje huset mitt er fyllt opp med posar heile advent.

Den siste veka før jul har det vore utkjøring av juleposane, som går til ulike instutisjonar, privatpersonar og familiar.

– Det har blitt kjempepositivt tatt imot blant dei som har fått ein julepose, dei er både overraska og takknemlege, fortel Birte, før ho skundar seg vidare til neste stad med bilen full av julegleder.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.