Delte ut 1,2 millionar - har fått reaksjonar på lista
Tenesteutvalet delte i dag ut årets KUP-midlar.
I dag er det møte i Bjørnafjorden tenesteutval.
Blant sakene er «Fordeling av tilskot til Kulturelt utviklingsprogram (KUP) 2020». Tidlegare var det formannskapet i Os som delte ut midlane, men fleirtalet i Bjørnafjorden kommune har flytta dette over til tenesteutvalet.
I alt 1,2 millionar kroner skulle delast ut. Kommunen har mottatt søknadar for 3,1 millionar kroner, og administrasjonen har før møtet valt ut dei 52 dei meiner fortener støtte i år.
Sjå heile lista nedst i artikkelen.
Politikarane blanda seg ikkje i kven som får, eller kor mykje, men drøfta kort kriteria for tildeling.
– Eg støttar innstillinga til administrasjonen, men trur det er klokt av oss å gjera ein jobb med å vurdera kriteria før tildelinga av KUP-midlar for neste år, sa Torgeir Hansen Skjælaaen (MDG).
– Vi må hugsa at tildelinga skal gå til heile Bjørnafjorden kommune, ikkje Os. Og så har eg inntrykk av at ein del som mottar støtte får pengar til etablerte, årlege arrangement, ikkje til nye prosjekt. Det er dessutan vaksne personar som får støtte til å driva med hobbyen sin, og eg er ikkje sikker på at det er sånn det skal vera.
Skjælaaen fekk støtte av Tore Kleppe (Frp).
– Eg har fått tilbakemeldingar og reaksjonar på kven som får midlar og kven som ikkje får. Vi har søkjarar på lista, som ikkje får pengar, som er i noregstoppen i sin idrett, sa Kleppe.
Han nemte skyttaresset Amalie Evensen og roar Erik Vaktskjold si satsing mot OL 2024, som eksempel på dei som ikkje får ei krone.
Her er lista som òg inkluderer dei som ikkje fekk støtte.
– Utvalet bør ha ein gjennomgang før tildeling av 2021-midlar, meiner Kleppe.
Administrasjonen sitt forslag om årets tildeling blei samrøystes vedtatt. Leiar av utvalet, Atle Kvåle (Ap), fekk inn ei setning om at tenesteutvalet i god tid før utlysing av 2021-midlar skal ha sak om kriterier opp til behandling.
Desse får KUP-midlar i 2020
1. Bergen og omegn modellbilklubb,Os. Utstyr og innreiing. 10.000,-
2. Bjørnefjorden golfklubb. «FORE» -folkehelsetiltak. 30 000,-
3. Brendahaugane grendalag. Trening- og aktivitetsplass. 20.000,-
4. CISV Os. Utstyr. 10 000,-
5. Fjordfolk. «Ung scene» på Osdagane. 30.000,-
6. Folkeakademiet Os. Prosjekt for Os og Fusa. 25.000,-
7. Fortidsminneforeningen. Handverk og industri-tema. 10.000,-
8. Fusa frivilligsentral. Ferieklubb for born. 20.000,-
9. Fusa samfunnhuslag. AV-utstyr. 20.000,-
10. Hans Marius Johnsen. Støtte til lansering av EP. 50.000,-
11. Lysefjorden rideklubb. Kurs i hestestell. 10.000,-
12. Lysekloster IL. Utstyr til treningsrom. 20.000,-
13. Lyshornet skolebrass. Instrument. 20.000,-
14. Lyshornet skolebrass. Bjørnafjorden aspirantseminar. 10.000,-
15. Lyshornet skolebrass. Individuell undervisning. 10.000,-
16. Nore Neset grendalag. Teaterforestilling. 20.000,-
17. Nore Neset idrettslag. Ope idrettsbygg. 50.000,-
18. Nore Neset idrettslag. Gutehandballdagen 2020. 10.000,-
19. Nore Neset skulekorps. Bygga korps - undervisning. 10 000,-
20. Nore Neset skulekorps. Bygga korps – sosiale tiltak. 10.000,-
21. Nore Neset sanitetsforening. Utstyr til aktivitetskveld. 20.000,-
22. Os biljard og snookerklubb. Utvida juniortilbod. 40.000,-
23. Os Musikkforening. Korpsungdom i Os aktiv. 20.000,-
24. Os roklubb. Trenarsamling. 10.000,-
25. Os roklubb. Romaskiner. 20.000,-
26. Os roklubb. Utstyr treningsrom. 10.000,-
27. Os og Fusaposten. Liv laga på Øyro. 40.000,-
28. Oseana KF. Varga dansekompani. 30.000,-
29. Os orienteringsklubb. O-kart. 5.000,-
30. Os skulekorps. Individuell undervisning. 20.000,-
31. Os sokn. Skapingsdagar. 30.000,-
32. Os spelemannslag. Utstyr - hardingfeler. 20.000,-
33. Os sportskyttarlag. Utstyr – luftrifler og sikteskive. 45.000,-
34. Os turlag. Utstyr til klatring, turløyper mm. 30.000,-
35. Os turn - friidrett. Utstyr barnegruppe. 20.000,-
36. Os turn - friidrett. Tunnell-løpsfestival. 100.000,-
37. Os turn - håndball. Landsturnering i Kristiansand. 30.000,-
38. Os turn - håndball. Inkluderingsfond - handballskular. 5.000,-
39. Redd barna cup. Turveg til Kobbavågen. 10.000,-
40. Silje Lepsøy - fotograf. «Bjørnafjordingen» - fotoprosjekt. 40.000,-
41. Skaparstova. Skaparstova på Osdagane. 10.000,-
42. Skeietunet velforening. Lekeplass. 20.000,-
43. Skorvane vel. Gapahuk. 30.000,-
44. Stiftinga Lyngheimtunet/ Os sogelag. Prosjekt Håkastova. 50.000,-
45. Duoen «Stillehavet». Utgjeving av LP. 10.000,-
46. Søfteland TIL. Innebandy-vant til gymsal. 20.000,-
47. Søfteland TIL. Utstyr: flikk-flakk-trenar turn. 10.000,-
48. Søre Neset ungdomslag. Utstyr - veggspeil. 20.000,-
49. Teaterfrø. Den unge scenen 2020/2021. 40.000,-
50. Tilslørte bondepiker. Utstyr - bøylemikrofonar. 20.000,-
51. Ungdomslaget Vårvon. Lydstyr. 20.000,-
52. Venelaget for bedehuset Fredheim. Årsprogram for kulturbedehuset. 10.000,-
Det skal i tillegg, i dagens møte, delast ut kulturmidlar - i alt 600.000 kroner.