Deler ansvaret
Os kommune og Grieg Arkitektar AS har inngått eit utanomrettsleg forlik i saka om manglande førehandsgodkjenning frå Arbeidstilsynet.
Tysdag inngjekk Os kommunen og Grieg Arkitektar AS eit utenomrettsleg forlik i saka om manglande førehandsgodkjenning frå Arbeidstilsynet i samband med bygginga av Oseana kunst- og kultursenter.
- For å avslutta saka erkjenner Os kommune og Grieg Arkitektar delt ansvar for at førehandsgodkjenninga ikkje blei henta inn frå Arbeidstilsynet i samband med søknad om byggeløyve for Oseana i 2009, skriv ordførar Terje Søviknes og arkitekt Andreas Grieg i ei pressemelding.
Grieg teiknar gratis
Dei to partane er opptekne av å gjennomføra dei naudsynte ombyggingane i Oseana for å stetta pålegga frå Arbeidstilsynet.
- Som sin del av forliket vil Grieg Arkitekter AS gjennomføra den arkitektfaglege prosjekteringa av ombygginga vederlagsfritt for Os kommune, heiter det i pressemeldinga.
Ferdige med saka
Os kommune og Grieg Arkitektar AS er med forliket ferdige med saka.
- Vi ser fram til eit fortsatt godt samarbeid knytt til realiseringa av Oseana kunst- og kultursenter, avsluttar ordføraren og arkitekten.