Dekk på vogntog eksploderte
Vegvesenet fann lite å reagera på. Så ringte politiet og ba om assistanse.
Statens vegvesen hadde kontroll på Halhjem og i Hjellemarka på dagtid i går.
Av 24 køyretøy over kontrollplass, blei det berre to tekniske manglar å finna, éin på fartsskrivar, éin på skvettlapp.
Tre førarar blei sjekka for køyre- og kviletid. Der var alt i orden, men eitt firma er kalla inn for foretakskontroll.
På kvelden var det ny kontroll, og då på både Halhjem og i Hjellemarka.
Rundt 15 køyretøy blei sjekka, tre av dei fekk mangellapp grunna feil på lys.
– I tillegg bisto vi politiet, som hadde fått tips om feil med dekk på vogntog, opplyser Knut N. Sylta.
Det viste seg at det var ein semitrailer, og at det eine dekket hadde eksplodert.
– Sjåføren hadde merka det sjølv, og stoppa på første moglege plass. Traileren fekk bruksforbod fram til dekket var skifta.