– Dei tøyer strikken
Politiet: Burning på Amfisenteret, aggressive rose-seljarar på Lurane og rotete parkering i Halhjemsmarka.
Onsdag litt før klokka 21 fekk politiet melding om burning på parkeringsplassen til AMFI Os.
– Nokon leika seg i ein svart BMW sedan. Vi rykte ut, men då var vedkomande vekke, fortel lensmann Oddbjørn Dyrdal.
Det er berre ei veke sidan politiet gav åtvaring for tilsvarande kjøring på nabotomta ved Plantasjen.
– Om det viser seg å vera same førarar som held på så synest eg at dei tøyer strikken langt. Det er stor sjanse for førarkortbeslag om dei blir tatt igjen.
Ville selja roser til eldre
I 16-tida onsdag fekk politiet melding om utanlandske roseseljarar i Gamleheimshagen og på Lurane.
– Dei skal ha vore veldig pågåande og hatt ein aggressiv stil. Vi reiste ut for å kontrollera dei, men møtte dei ikkje.
Rosene skal ha kosta 25 kroner per stk.
– Det er ikkje ulovleg å selja roser, men når vi høyrer om slik framferd er det verdt å sjekka personane ut.
– Folk parkerer alle vegar
Frå Halhjemsmarka har det igjen kome klage om rotete parkering rundt idrettsanlegget.
– Vi fekk melding om at folk parkerer "over alt", og at det skaper problem for øvrig trafikk, seier Dyrdal.