Dei neste tre blokkene
82 av dei 86 husværa i Os Sjøfront sine fire blokker er selt. Til påske er det innflytting i dei siste to. Korleis blir neste trinn?
Før utgangen av 2012 hadde Os Sjøfront selt 82 av dei 86 husværa i dei fire første blokkene.
– Vi er veldig nøgd med salet etter innflyttinga i dei to første blokkene i sommar, og reknar med at dei fire siste husa blir selt innan innflytting i siste del, seier Kristin Stave.
K-blokka, den nærmast Osøyro, er utselt. Dei fire ledige husværa er i 4. og 5. etasje i dei tre andre blokkene og ligg frå 3,7 til 5,9 millionar kroner i pris.
Planlegger 30 nye hus
Men Os Sjøfront har meir land å bygga på mellom Os sentrum og Mobergsvikjo, også om Os kommune slår til og kjøper den ferdigforhandla tomta nærmast Oseana.
Les òg: Har forhandla ferdig
– Det kan byggast meir på tomta kommunen vil ha hotell, men vi reknar med å bygga 30 husvære på den inste tomta som vi uansett har igjen, seier prosjektleiar Karianne Strømme.
Til samanlikning er det rundt 20 husvære i kvar av dei fire ferdigbygde blokkene på kaien.
Tre blokker - to soverom
Strømme seier det skal byggast tre blokker på tomta nærmast vegen og Os sentrum.
– Vi er ikkje ferdige med prosjektet, men det kjem tre blokker på 3 og 4 etasjar.
– I desse dagar diskuterer vi storleik, og det ligg an til at dei fleste blir på rundt 75 kvadratmeter med to soverom.
– Men det kjem også mindre husvære.
Klare til hausten
Parallelt med moloutviding og ferdigstilling av dei to siste blokkene på kaien vil Os Sjøfront få klart neste trinn før sommaren.
– Vi har mål om å starta salet på dei tre inste blokkene til hausten.
– Tomta er lita, men ligg veldig fint til, med fin utsikt over hamna. Det er også utsikt til Folgefonna frå denne tomta, seier Karianne Strømme.