– Dei må rydda!
Russedåp og festen i Sigurdsvika har sett sine spor. – Dei får berre koma seg opp her og rydda, seier politiet.
Fredag kveld starta russefeiringa med russedåp i Sigurdsvika og fest der dei fann ein plass å vera.
– Vi har fått inn ein god del meldingar med klage på russen i løpet av natta.
– Russen skal ha skryt for å retta seg etter pålegga dei fekk frå patrulja gjennom natta, seier politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen laurdag formiddag.
Festruss frå Bergen
Ein god del ekstra russ fann vegen til Os i går sidan politiet i Bergen hadde stengt Fanafjellet for festing.
– Mellomanna var det ei gruppe som tok seg til rette oppe på Ulven.
– Sjølv om bommen var stengt, hadde dei tatt seg inn på området og starta festen der, fortel Hadler-Olsen.
Må rydda etter seg
Politiet har forståing for at russen vil feira 13-årsskulegang, men minnar samstundes om at dei må ta hensyn til omgjevnadene.
– Slik det ser ut i Sigurdsvika etter nattens festing kan vi ikkje ha det.
– Vi får ta ein telefon til russestyret og be dei koma opp her og rydda.
– Glasbrot og anna boss kan vi ikkje ha i eit friområde kor barn og familiar med dyr gjerne legg turen.