– Dei gjorde ein god jobb
Brannvesenet skryt av dei tilsette på ER-AN bensinstasjon etter ein bilbrann ved vegkroa. – Dei reagerte raskt og riktig, seier varabrannsjef Arne Monsen.
I 13-tida sundag kom meldinga om at ein bil som sto parkert ved ER-AN vegkro hadde tatt fyr. Brannvesenet på Os rykka ut på meldinga.
– Brannen var allereie sløkka då vi kom fram, så det einaste vi måtte gjera var å skumlegga litt, fortel varabrannsjef Arne Monsen.
Skryt av dei tilsette
Då brannvesenet kom fram hadde dei tilsette ved bensinstasjonen på Røykenes tatt kontroll over situasjonen.
– Dei hadde nytta pulverapperata på stasjonen for å sløkke motorbrannen.
– Eg vil nytta høve til å gje ros til dei tilsette for korleis dei handterte situasjonen.
Eldre Volvo
Det var ein eldre Volvo, kor motoren tok fyr då dei skulle starta bilen etter å ha handla på vegkroa.
– Ingen blei skadd i hendinga, fortel Monsen.
- Var det fare for at brannen kunne spreie seg til andre bilar på parkeringsplassen?
– Det er eventuell bensinlekkasje som er risikomomentet i slike tilfeller.
– Derfor skumla vi under og rundt bilen for å minska den risikoen, avsluttar varabrannsjefen.