– Dei er endringsagentane
Gunnhild Stordalen om betydningen av å koma til Os for skapa ei bedre verd. Cupen på Os kan gå internasjonalt.
Grunnleggjar og president for EAT tok laurdagen på Kuventræ som oppladning til den store EAT Stockholm Food Forum-konferansen om vel ei veke. Det blei eit særs vellykka vorspiel til konferansen som samlar leiarar frå heile verda.
– Eg blir superoptimistisk for framtida når eg ser korleis ungane her på Os reagerar når Randulle og dei freister å kaste bananen og eple. Tilbakemeldinga frå ungane var klar. «Vi kaster ikkje mat». Og det viser at ungane har forstått det.
– Det er dei som er endringagentane i familiane. Det er dei som påvirker foreldre, onkel, tante og besteforeldre. Difor er det så viktig å møte dei, fortel Gunhild Stordalen når Midtsiden får eit eksklusivt møte med ho i klubbhuset på Kuventræ.
Fotball med meining
Om samarbeidet med Os Fotball og fotballen generelt er ho tydeleg.
– Dette er fotball med meining. Eg var ikkje interessert i fotball i det heile tatt. Før Eat Move Sleep-cup var fotball for meg de same som damer var for Elton John, men det har eg opplevd gjennom samarbeidet med BAMA og NFF har det endra seg.
– Fotballen er den største idretten. Gjennom den kan vi oppnå å formidle bodskapen og få ei sunn og berekraftig utvikling.
– Det er ein vannvittig plattform. Det er få ting som er meir kraftfullt enn fotballen. Der har vi i berekraftbevegelsen og matrevolusjonen mykje å lære. Ved å parre desse miljøa skjer det magiske ting, smiler ho entusiastisk.
Os ein foregangsklubb
Saman med Stordalen sit administrerande direktør for BAMA, Rune Flaen. På spørsmål om kvifor dei samarbeider med Os Fotball er han klar.
– os gjer ein fantastisk jobb. Alle som arrangerar Eat Move Sleep-cup har fått den tildelt etter søknad og dokumentasjon på kva dei gjer. Os er ein foregangsklubb og eit eksempel til etterfølgelse for andre klubbar i Noreg med korleis dei jobbar med berekraftperspektivet, både med kva dei serverar av mat, men også korleis dei handterer bosset og haldningane dei viser, seier Flaen.
Skal presenterast internasjonalt
Medan Midtsiden sit med Stordalen og Flaen i klubbhuset på Kvuentræ finn Dag Hvaring, coo i EAT det passande å fortelje at han har hatt eit møte med UNESCO, FN sin organisasjon for vitenskap, kultur og utdanning.
– Direktøren der blei så begeistra over Eat Move Sleep-cup at han ba meg senda han informasjon som han kunne nytte i ei tale i Moskva denne veka.
– Han vil også at vi skal legga fram dette på eit møte for alle idrettsministrane i verda, så no byrjer vi snakka om å kunne nytta dette konseptet som ein har her på Os over heile verda for å få ei meir berekraftig utvikling.