Dei 6 første
Søndag er fristen: Arrangørane håper på like mange deltakarar som i fjor. Her er dei seks første som er klare for UKM 2013.
I år som i fjor kjører Os kulturmønstringa saman med Fusa, i Oseana. I år er også fylkesmønstringa, som blir arrangert i april, i Os og Oseana.
Datoen for den lokale kulturmønstringa er laurdag 2. februar, påmeldingsfristen går ut søndag 13. januar.
– Vi tar nok imot påmelding nokre dagar etter fristen òg, men det er naturlegvis kjekt å få inn flest mogleg til fristen, seier Kjetil Osablod Grønvigh frå Os kommune.
Sjå bildeserie og video frå UKM 2012
– Så kan deltakarane eventuelt justera litt på medlemmane i band eller dansegruppe i etterkant, om ikkje alt er på plass no.
5 + 1 til no
I fjor var det 18 bidrag frå Os (10 på scene, 8 med utstilling) og 19 frå Fusa (8 på scene, 11 med utstilling).
Førebels har det kome inn 5 (4 scene, 1 utstilling) bidrag frå Os og 1 frå Fusa (scene).
– Sånn har det vore tidlegare òg, dei fleste kjem med påmeldinga i siste liten.
Det har også kome inn eitt bidrag til utstilling, den er frå Os.
Dei 6 første
Aldersgrense for fylkesmønstringa er 13 år, men i Os og Fusa kan ungar ned til 10 år delta.
Her er informasjon om UKM og påmelding (ekstern lenkje, ukm.no)
Dette er dei første 6 bidraga som har kome inn:
SCENE
Os: Hege Solholm (17) og Lisbeth H. Gausvik (17)
Os: Jone Finne Kuven (16)
Os: Mari Harju Skeie (15)
Os: Sondre Brunvoll (18) og Viljar Brunvoll (16)
Fusa: Ida Bjørge (17)
UTSTILLING
Os: Annika Svendal Os (15)