Sport | 16. aug. 2018

Definisjonen på nybyrjarflaks!

Ingvild (10) hadde aldri kasta med fiskestang før. Spinneren var nesten eitt sekund i elva før det beit på.

Definisjonen på nybyrjarflaks!
Ingvild Alette Thorsnes Kvinge med den 2,9 kilo tunge fisken. (Privat bilde, foto: Roald Berge Helle)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 16. aug. 2018 22:10

Bildeserie:

Dagens fangst i Spannstegen. (Privat bilde, foto: Roald Berge Helle)
Dagens fangst i Spannstegen. (Privat bilde, foto: Roald Berge Helle)
– Vi skal fiska igjen i morgon, seier Vivian og Ingvild. (Privat bilde, foto: Roald Berge Helle)
– Vi skal fiska igjen i morgon, seier Vivian og Ingvild. (Privat bilde, foto: Roald Berge Helle)
1 av 2

Ingvild Alette Thorsnes Kvinge sa ja til å bli med venninna Vivian K. Helle ned til elva etter skulestart i dag. I Spannstegen på Søfteland sto Vivian sin pappa, Roald, å fiska.

Ingvild takka òg ja då Roald spurde om ho ville prøva eit kast.

– Eg har fiska med snøre frå båt før, men aldri med stang. Roald viste meg korleis eg skulle kasta, men han trudde meg ikkje då eg sa eg hadde fått fisk, fortel Ingvild.

– Kroken hadde ikkje vore i vatnet i eit sekund ein gong. «Eg har han!» ropte ho. I forvegen hadde eg fått to laks (4,0 og 4,2 kg), men eg var sikker på at ho hadde sett kroken fast, fortel Roald.

Let ho kjempa den i land sjølv

Det blei snart tydeleg for alle tre at det var fisk på kroken. Å få laksen på land kan vera like vanskeleg, men i staden for å overta stanga, let hen 10-åringen køyra fisken sjølv.

– Eg fortalde ho kor tid ho kunne la fisken gå, og kor tid ho kunne sveiva, og ho var veldig flink til å forstå.

Ingvild fortel at det var tungt, og at kampen varte i kanskje 8-10 minutt.

– Det kan vera fristande å gripa inn for å hjelpa til, men hadde ho mista den så hadde ho mista den. Sigeren er større når du sjølv kjempar fangsten på land.

Fisken vog 2,9 kilo, ein tert, 100 gram unna det sportsfiskarane kallar laks.

– 2,9 kilo er ein stor fangst for ei ung jente, og det var verkeleg ein fin fisk!

– Skal ned igjen i morgon!

Vivian har fått fisk på stang før, og gler seg på vegne av venninna sin fangst.

– Vivian har blant anna tatt ein fjellaure på Maurset som vog nesten eit kilo. Ho gjekk i blomsterkjole, mens eg og kameraten min sat i full fiske-habitt og fekk småaure på 300 gram, ler Roald.

Ingvild er både klassevenninne og nabo, og ser elva frå vindauget heime.

– Eg visste ikkje at det var ein god fiskeplass. Vi skal ha fisken til middag i morgon. Men vi skal òg ned og fiska meir! seier Ingvild.

• Midtsiden samleside: Jakt og fiske

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.