David mot Goliat
Lesarinnlegg, Miljøpartiet Dei Grøne: Ferjefri E-39 - Om ein ny firefelts E39 blir realisert vil vegen bli ståande som eit monument over eit forelda tankesett.
Os og Fusa-posten hadde onsdag 20. februar fleire oppslag med store overskrifter om nye E39-rapportar der Statens vegvesen får fremja sine synspunkt om alt som er bra med bru over Bjørnefjorden. Dette alternativet skal no gje 7,5 milliardar meir i årleg gevinst enn ein indre trasé om Fusa. Les ein heile teksten viser det seg at overskrifta er basert på svært usikre kalkylar, og sjølv Vegvesenet vedgår at tala ikkje kan samanliknast. Heile oppslaget er forma nærast som eit partsinnlegg i debatten om trongen for ferjefri E39.
I same avis skriv heile fire fylkesordførarar frå Rogaland i sør til Møre og Romsdal i nord at «vi har ikkje råd til å la være», og i intervju med Terje Søviknes slår han på stortromma og samanliknar ferjefri E39 med utbygginga av Bergensbanen!
Me har før peika på at utgreiinga av ein ferjefri E39 er basert på prognosar om at veksten me har vore vitne til dei siste femti år skal halda fram også dei neste femti. Kunnskap me har om miljø og klimautvikling viser at dette ikkje er mogeleg. Om ein ny firefelts E39 blir realisert vil vegen bli ståande som eit monument over eit forelda tankesett.
For ein atskilleg mindre sum enn det dette «monsterprosjektet» vil kosta kunne ein gjennomført omfattande rehabilitering av det eksisterande vegnettet, kombinert med nye miljøvenlege ferjer. Det ville då bli mange milliardar til overs for finansiering av eit mykje betre transportalternativ for Os og Bergen: ei rask jernbane frå Steinestø via Arna til Bergen og Os. Om Søviknes skulle vera like framsynt som dei som bygde Bergensbanen burde han gå inn for slike miljøvenlege og framtidsretta løysingar for transportbehovet i Vestlandregionen.
Ferjefri E39 blir no kjempa fram av sterke representantar for maktstrukturen i samfunnet vårt. Her ser me ein lite heilag allianse mellom eit vegvesen som har eiga prestisje å forsvara og topp-politikarar frå dei største vekstpartia i Noreg (to fylkesordførarar frå Høgre og to frå Arbeiderpartiet og ordføraren frå Frp). Mot desse kreftene står ei samla miljørørsle, ei tverrpolitisk folkerørsle, fleire mindre parti og Fylkesmannen i Hordaland. Dette kan synast som ein kamp mellom David og Goliat. Men denne kampen var det som kjent ikkje førehandsfavoritten som vann.
Gunnar Kvåle og Lisa Nøttseter
Miljøpartiet Dei Grøne