– For dårleg sikra
Nabo fortvilar over det dei meiner er dårleg sikring av anleggsområdet ved rundkøyringa på Flåten.
Arbeidet med rundkøyringa som skal letta trafikkavviklinga mellom Byvegen og Prestegardsskogen byrjar nærma seg slutten. Anleggsleiar Anne Færestrand fortel at dei reknar med å kunne opna rundkøyringa for trafikk i midten av september.
Ei av utfordringane vegvesenet har stått ovenfor er fotgjengarar som ikkje respekterer at det er eit anleggsområdet og ikkje følgd omskilting av gangvegen via Nedre Varåsen.
Torsdag fekk Midtsiden telefon frå ein av naboane nederst i Prestegardsskogen som ikkje var nøgd med korleis vegvesenet hadde løyst trafikken inn til husværa.
– Vi må køyra inn på anleggsområdet for å komma heim.
– Ikkje har dei sikra det skikkeleg heller. I går punkterte eg bilen på ein spiss stein inne på området, så i dag måtte eg sykla når eg skulle følgje ungane til skulen.
Kjenner seg ikkje att
Færestrand kjenner ikkje seg att i naboen si skildring.
– Vi laga ein omkøyringsveg heilt inn til garasjane nedst i Prestegardsskogen då prosjektet starta.
– Denne blei det lagt eit underlag med ei grei overflate som blei tromla og tilrettelagt, slik at det ikkje skulle vera noko problem å passera både med bil og sykkel.
– Når det gjeld sikringa har vi gjort det i tråd med det som krevst, mellomanna med gjerder.
– Eg skal opp på anleggsplassen no, så då skal eg i tillegg ta ein ekstra sjekk at alt er som det skal vera, forsikrar prosjektleiaren.