– For dårleg plan?
Plan- og bygningsutvalet er ikkje nøgd med reguleringsplanen for Halhjemsmarka III. – Har vi vore flinke nok i reguleringa, undra Harald Døsen (Ap).
Heile tre dispensasjonssøknader i frå reguleringsplanen for Halhjemsmarka II blei handsama i Plan- og bygningsutvalet torsdag. Reguleringsplanen blei vedteken så seint som i desember 2011.
– Når vi får slike sakar så tidleg etter at reguleringsplanen er vedteken, så undrar eg på om reguleringsplanen er god nok, sa Harald Døsen (Ap).
Detaljregulert for kvar tomt
I reguleringsplanen ligg det mellom anna føresegn om byggjegrenser, utnyttingsgrad og golv/mønehøgder for dei einskilde tomtene i feltet.
– Eg er ikkje ueinig i at ein så fersk reguleringsplan ikkje bør dispenserast frå. Eg kan òg vera einig med deg i at reguleringsplanen er for dårleg.
– Samstundes skal vi vurdera kvar einskild dispensasjonssøknad for seg. Vår tolkning av reguleringsplanen er at det er lov å nytta skjønn, påpeika utvalsleiar Ståle Skaatun (H).
Skapast det presedens?
Utnyttingsgraden i reguleringsplanen er satt til 30% BYA (bebygd areal av tomta, journ.mrk).
– Om vi allereie i dette møtet gjev dispensasjonar, kva kan vi då venta oss i framtida, undra Sigrid Aanestad Bakke (Krf).
– Sjølv om vi kan nytta skjønn og kvar skal vurdera kvar einskild sak for seg, vil vi skapa presedens for dei som kjem etter, lurte Terje Sperrevik (TvS).
Vil kunne auka utnyttingsgraden
Leiar for byggesak, Geir Heldal, stadfesta at om dei godkjente ei auka utnyttingsgrad, så ville det kunne få konsekvensar også for andre tomter.
– Ein dispensasjon opnar for at andre kan bruka det som god grunn for å få større utnyttingsgrad.
– Etter delegasjonsreglementet vil nok vi tolka det som om de åpner feltet for 33,8% som her er søkt om om de godkjenner utnyttingsgraden, forklarte Heldal.
Endra reguleringsplan på gang
Ståle Skaatun forklarte at det for det siste feltet i Halhjemsmarka er varsla eit omreguleringsforslag og ein vil sjå på byggjegrensene for det siste feltet som skal leggast ut for sal.
– Der vil dei truleg ha lempa noko på dette, forklarte Skaatun.
– Då vil eg anbefale tomteselskapet å koma med ein reguleringsplan for heile området og ikkje berre ein del av det.
– Det er viktig at alle blir behandla likt, slo Terje Sperrevik fast.