Lokal | 27. apr. 2016

Dårleg informasjon gjev frykt

– Når folk føler frykt, så har vi gjort noko feil, tordna Jon Sivert Rykkel (V) då etablering av flyktningebustader blei debattert i kommunestyret.

Dårleg informasjon gjev frykt
Jon Sivert Rykkel (V) meinte at politisk leiing ikkje var tydelege nok for å hindra frykt blant innbyggarane i samband med mottak av flyktningar (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 27. apr. 2016 11:16

Ein ting var alle politikarane samde om. Det å legge flyktingebustader til brakkene etter midlertidige Hjellemarka barnehager, midt mellom Nøtteliten barnehage og Søfteland skule er ein dårleg idé.

I staden vil politikarane at brakkene flyttast til meir egna stader, gjerne i mindre einingar enn det dei er i dag for å unngå ei "ghettofisering" og i staden gjera integreringa i lokalmiljøet lettare.

– Ordføraren må ta tak

Det som derimot skapte debatt var korleis kommunen informerar og orienterar innbyggjarane om kva som er i ferd med å skje i nabolaget, og ikkje minst korleis politikarane administrerer og monitorerer sine eigne facebook-veggar.

– Ståle Skåtun (H) hadde eit godt poeng i formannskapet angåande dialogen vi har med innbyggarane våre og kva dei føler. Eg trur det er eindel innbyggarar som føler at dei ikkje har blitt høyrd eller fått vite kva som skal skje i nabolaget. Når vi får eit skriv til formannskapet frå Nøtteliten barnehage med så klare misforståingar om kva som var tenkt i deira nabolag. Når folk føler frykt, så har vi gjort noko feil. Her har ein samanlikna to forskjellige ting. Etableringa av dei kommunale bustadene for at vi skal ta i mot flykningane er ikkje noko å frykte i det heile tatt.

– Dei er osingar, dei skal bli osingar. Det er inga grunn til å gå rundt å vera redd, men vi treng dialog, vi treng god informasjon. Det ventar eg at politisk leiing i Os tek tak i, innleia Jon Sivert Rykkel (V) før han gjekk til angrep på ordførar Terje Søviknes (Fpr) og det han meinte var manglande monitorering av innlegg og kommentarar på ordføraren sin private facebookvegg.

– Kvifor er ikkje ordføraren der og seier i frå om kva som er greitt og ikkje. Og informerar kva som skal skje. Det er det berre oposisjonen som gjer, med eit hederleg unntak av Olav Kvinge frå Høgre. Kor er ordføraren sjølv, tordna Rykkel.

– Vi må snakke opp flyktningane. Frykt for kva som skal skje skaper ikkje noko godt. Vi seier vi skal inspirera. Det må vi gjere i denne saka òg. Vi har alle eit ansvar for å ta det taket også på facebook. Dette skal vi få til, dette ønskjer vi å klare. Difor er dette ei klar oppmoding til politisk leiing ved ordføraren og posisjonspartia Frp og Høgre. De er nøtt til å ta eit tak der òg, påpeikte Rykkel.

Skuffa varaordførar

Rykkel klarte tydelegvis å trigga posisjonspolitikarane med utspelet sitt.

– Eg blir litt skuffa når Rykkel seier at vi i høgre ikkje har vore tydeleg i kommunikasjonen vår, svara varaordførar Marie Bruarøy (H).

– Då vi hadde saka om at vi skulle ta i mot 45 nye flykningar kvart år, snakka eg mykje om at vi må ta i mot dei nye osingane på ein god måte. Eg minnest òg at eg oppfordra kommunestyrerepresentantane spesielt om å opne dørene og vera besøksfamiliar og stille opp. Eg veit ikkje om Rykkel var heilt til stades då eg sa det.

– Når det gjeld ordføraren sine oppdateringar på facebook, så er ikkje eg verdsmeister i å følgja dei og har ikkje oversikt over kva som skrivast der. Difor seier eg dette frå denne talarstolen, poengterte Bruarøy.

Handlar om informasjon

Ein ting fekk Rykkel støtte for.

– Jon Sivert nevnte at eg hadde nevnt det var veldig viktig, nemleg at vi må ha ein veldig klar strategi på informasjon og korleis vi handterer nabolaget der vi skal inn. Det handlar om informasjon, informasjon, informasjon, understreka Ståle Skåtun (H).

– God integrering det viktigaste

Også ordførar Terje Søviknes (Frp) følte eit behov for å svara på Rykkel sitt angrep.

– La det ikkje herske nokon tvil om at underteikna og fleirtalet jobbar for at vi skal ha ei god integrering i Os. Det er heilt avgjerande at vi klarar å løyse integreringsjobben i høve at dei skaffar seg jobb, fritidsaktiviteter og klarar seg sjølv økonomisk. Det er nettopp difor underteikna og Frp har argumentert tidlegare for å ha eit begrensa mottak.

– Når det gjeld henvisingane til facebooksida og det at eg ikkje arresterer ytringar som måtte komma der, så er ikkje det rett. Eg er tolerant i forhold til ytringsfridom, men har sletta både einskilde postar og heile trådar der det har blitt gått langt over streken. Det er ikkje mogleg å ha full oversikt med 5000 inne der og ein open profil. Eg er inne og kommenterer på eindel, men på langt nær nok.

– I forhold til engasjement og politisk leiing, så skal vi sjølvsagt bidra, der har vi alle eit ansvar. La meg ta eitt eksempel på noko av det eg gjer allereie. Vaksenopplæringa. Der har vi fast praksis med eit møte mellom politisk leiing og våre nye osingar, kor vi fortel om korleis kommune blir driven. Dialogen er der, så får vi sjå i fortsettinga kva ein skal legga i engasjementet. I tillegg vil eg påpeika at det blir gjort mykje godt arbeid i frivillig sektor, eg skal meir enn gjerne vera med å ta del i det arbeidet, svara Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.