Lokal | 17. mai 2013
Dansker på tur
To danske vogntog freista å kryssa Søvikåsen torsdag ettermiddag.
Andris Hamrefredag 17. mai 2013 08:36
Frå ein av våre mange lesarar fekk vi bilete over torsdag ettermiddag.
På veg ned frå Søvikåsen møtte lesaren desse to danske vogntoga på veg oppover.
Korleis det gjekk, har vi ikkje klart å bringa på det reine, men vi får håpa dei tok til vetet og rygga seg ned att til Lysefjorden.