Daniel ny næringssjef i Os
– Vi får ein solid næringssjef med ungdommeleg pågangsmot, visjoner og vyer for Os, seier rådmann Christian Fotland.
Lysefjorden-guten Daniel Skotheim (35) er i dag tilsatt som ny næringssjef i Os kommune.
Skotheim er i dag merkevaresjef i Hansa Borg Bryggerier og sit i London. No flyttar han heim.
– I kravspekken til stillinga spesifiserte vi at vi ønskja ungdommeleg pågangsmot og nokon som var på veg opp og fram. Som var sulten og hadde visjoner og vyer. I Daniel har vi funne alle desse eigenskapene, seier rådmann Christian Fotland.
– Daniel har i prosessen utmerka seg. Han kjenner Os godt og har klare tankar om både næringsutvikling og stadsutvikling. Han har gitt eit solid og godt inntrykk, i tillegg til at han har ein tung akademisk bakgrunn.
– Eg er utruleg godt nøgd med at Daniel har takka ja, seier rådmannen.
Skotheim er utdanna siviløkonomi frå NHH og har i tillegg tatt gründerskulen i Boston.
– Eg gler meg
Skotheim fortel til Midtsiden at han gler seg til å ta fatt i den nyoppretta stillinga.
– Eg er veldig nøgd og gler meg stort over at eg blei tilbydd stillinga. Eg er veldig klar til å ta fatt på utfordringa, seier Skotheim i ein rask kommentar mellom andre oppdrag.
Fantastisk prosess
Rådmannen Christian Fotland fortel om ein fantastisk prosess i arbeidet med tilsettinga.
– Det har vore heile 50 aktuelle søkarar, mange med tung næringslivsbakgrunn eller bakgrunn som næringslivsleiarar, men vi valde altså ungdommeleg pågangsmot, seier Fotland.
Skotheim startar i stillinga 15. august.