Damene les mest
Topp 10 hos Libris: – Damene les mest, men ungdomen kjøper overraskande mange bøker i sommar, fortel Rigmor Johnsen.
Det er ferietid og mange vel ei bok når dei skal slappa av på stranda eller terrassen, eller når dei skal ha ei lengre reise med tog eller fly.
– Det er hovudsakleg damer som kjem inn for å fornya sommarlektyren, men dei viser omsorg både for mann og barn og plukker gjerne med seg ei bok eller to til desse òg, fortel Rigmor Johnsen hos Osøyro Libris.
Vil ha det lettlest
Sjangerane det går i er mykje det same som resten av året.
– Eit typisk trekk er at kundane vel lettleste bøker utan dei altfor kompliserte historiane.
– I tillegg skal det gjerna vera pocket-utgåver, slik at dei ikkje treng vera redde for å få sand imellom permane.
– Det går nok litt mindre krim no på sommaren enn det gjer resten av året, fortel Johnsen.
Moyes på topp
Sommarens store slager er «Et helt halvt år» av Jojo Moyes.
– Litt artig med den er at Moyes kjem med ny bok no i august.
– «Den ene pluss den andre» er litt annleis enn «Et helt halvt år», men eg er sikker på at det òg kjem til å bli ein bestseljar.
– Tre av oss har nemleg fått lese den på førehand, og den fenga, seier bokhandlaren.
Kino-bok populær blant unge
Det er ikkje berre damene som les i sommar.
– Det er eigentleg overraskande mange ungdomar som gjer det også.
– Der er John Green sin «Faen ta skjebnen» den mest populære.
– Kanskje fordi den er filmatisert og går på kino om dagen.
Treng oppdaterte båtkart
Det er stort sett osingar som utgjer kundegrunnlaget hos Libris Osøyro i sommar.
– I tillegg til å kjøpe bøker går det mykje i sjøkart og båtsportkart.
– Du veit det kjem oppdateringar på desse annankvart år, så det er viktig å byta dei ut med jamne mellomrom.
– Å bli ståande på eit skjer fordi du ikkje hadde oppdatert kart kan vera kjipt, konkluderer Johnsen.
– Er det mykje turistar som kjem innom for å handla?
– Nokre av dei som kjøper kart kan nok vera det, men eg har inntrykk av at dei fleste er osingar.
– Ellers er det ein del hyttefolk, men "vanlege" turistar ser vi lite til.
Bambus og bomull
Eit anna produkt som sel bra i sommar er barneklede frå Ugly.
– Det starta vi med for to - tre år sidan.
– No verker det som osingane byrjer å bli klar over at vi har desse.
– I sommar har vi tatt inn ein kolleksjon laga av 70 % bambus og 30 % økologisk bomull. Den er lett og god i sommarvarmen og har seld bra.
– I tillegg er det eindel som har starta å førebu skulestart allereie, så ein del skulesekkar går det òg om dagen, avsluttar Rigmor Johnsen.
Sommarens 10 på topp
Nedanfor finn du sommarens 10 på topp av pocket-bøker, selt hos Osøyro Libris.
1. «Et helt halvt år» - Jojo Moyes
2. «Mellom rødt og svart» - Jan Guillou
3. «Den italienske jenta» - Lucinda Riley
4. «Analfabeten som kunne regne» - Jonas Jonasson
5. «De usynlige» - Roy Jacobsen
6. «Marco-effekten» - Jussi Adler-Olsen
7. «Hulemannen» - Jørn Lier Horst
8. «Tråden» - Victoria Hislop
9. «Det henger en engel alene i skogen» - Samuel Bjørk
10. «Kunsten å høre hjerteslag» - Jan-Philipp Sendker
Her er oversikta over dei mest populærer romanane og krim-bøkene i innbunden utgåve:
1. «Sønnen» - Jo Nesbø
2. «Den 13. disippel» - Tom Egeland
3. «Ektemannens hemmelighet» - Liane Moriarty
4. «Alfabethuset» - Jussi Adler-Olsen
5. «Mørketid» - Jorun Thørring
6. «Mørke hjerter» - Hanne Kristin Rohde
7. «Gravrøys» - Johan Theorin
8. «Mormor hilser og sier unnskyld» - Fredrik Backman
9. «Ren samvittighet» . jan Mehlum
10. «Seks år» - Harlan Coben