Cupbombe i Oshallen!
Os slo ut 1. divisjonslaget Fana i første runde i NM. Taket heldt på å lette i Oshallen då handballdamene snudde kampen frå 8-13 til 20-17.
Cupen i handball er sjansen laga nedover i divisjonane har til å møta elite- og 1. divisjonslaga. Dei siste åra har mellomanna Tertnes og Sola vitja Oshallen i 1. runde. I år var det erkerival Fana som før førre sesong rykka opp til 1. divisjon som sto på motsatt banehalvdel.
Til pause leia gjestane oppskriftsmessig 8-11, eit resultat som Ostrenar Erlend Lyssand kunne seie seg nøgd med. Osdamene hang bra med.
Etter ein litt trå start av andre omgang kor Fana går opp i 8-13 og 11-16 eksploderar det i Oshallen. På dei siste 18 minutta skårar gjestene berre eitt mål.
– Vi har Bergens beste keeper, seier Lyssand, om dagens osing Vibeke Ingebrigtsen.
Galskap og ro
Sjølv om dei ligg fem mål bak etter 12 minutt av andre omgangen misser ikkje Osdamene trua, men jobbar seg jamnt og trutt inn att i kampen.
– Vi snakka før kampen om at vi måtet ha galskap i forsvar og roen i angrep.
– Det fekk eg, strålar Erlend Lyssand.
Vibeke stengte
Smilet går nesten rundt på Ostrenaren som er mektig imponert over korleis jentene hentar seg inn att.
– Vi visste at vi kom til å få moglegheiter. Dei var det viktig å ta. I tillegg viste vi at vi måtte tørra å stå i mot trykket til Fana-angrepet. Det gjorde dei òg.
– Når Vibeke i tillegg stengjer målet, så visste vi at det kunne gå vegen, og jentene fekk meir og meir sjølvtillit utover i kampen.
– I tillegg var det eit fantastisk publikum som hjalp oss på slutten. Det var ei utruleg stemning i hallen i dag, slår Lyssand fast.
Irene med 11 mål
Irene Tangerås viste til fulle at ho framleis veit kor motstandarmålet står. Sju spelermål og fire straffer suste bak Fana-keeperane.
– Dette er noko av det gøyaste som finnst.
– Det er vel første gongen på mange år vi slår Fana. Og det smaker deilig, stråler toppskåraren etter kampen.
– Vi er utruleg tru mot det vi avtaler på førehand. Vi speler displinert og lar oss aldri stressa.
– I dag var alle gode. Dette var ein lagsiger, men likevel må eg trekka fram Vibeke i mål. Ho er berre heilt rå, jublar Irene.
Os - Fana 20 - 17 (8-11)
Tilskodarar: 151
Utvisingar: Os ingen, Fana 4 x 2 min
Os sitt lag: Vibeke Ingebrigtsen, Ann-Kristin Lyssand, Irene Tangerås (11), Madeleine Hjertnes (3), Marte Øvreeide (1), Line Hjelle (2), Emilie Hjertnes, Elise Hjelle (1), Maria Stangeland Lunde (2), Vilde Fyllingen, Vilde Brattabø, Hilde Kristine Røttingen, Silje Martine Årseth, Silja Espelid.
I neste runde venter vinnaren av oppgjeret mellom Stord og Hinna.