Consto skal byggje hallen
Consto Bergen har fått tilsagnet på å byggje den nye doble idrettshallen på Kuventræ. Pris; vel 56 millionar kroner.
Tidlegare denne månaden var fristen for å levera tilbud på å byggje den nye doble idrettshallen på Kuventræ. Tilbodet skulle leverast som ei såkalla ekte entreprise, kor tilbyderane tok utgangspunkt i grovskisser frå kommunen med spesifikasjoner av innhald, som to speleflater, garderober, parkeringsanlegg i kjellaren m.v.
– Vi fekk inn seks tilbud, kor ein skar heilt ut og dei andre fem låg relativt jamnt i pris, fortel prosjektsjef Tor Inge Døsen i Os kommune.
Les òg: Dobbelthallen ute på anbod
Eit drøyt års byggjetid
I vurderinga av tilbuda har pris telt mest, deretter gjennomføringsplan og framdriftsplan.
– Alle tilbydarane har lagt omlag likt i framdriftsplanen. Dei reknar med at det vil ta eit drøyt år å byggja hallen.
– Det er pris som har vore det utslagsgivande. Consto Bergen gav eit tilbod på vel 56 millionar kroner inklusive mva. Dei har òg svart tilfredsstillande med utgangspunkt i dei skissene vi hadde laga. Dei fekk i går tilsendt tilsagnsbrevet, fortel prosjektsjefen
Prisen er innanfor den ramma kommunestyret i går kveld vedtok i økonomiplanen.
Truleg oppstart i mars/april
Døsen fortel at dei andre tilbyderane no har klagefrist fram til 4. januar før kommunen går vidare.
– Etter at fristen har gått ut vil eg invitera styringsgruppa med politikarar og folk frå idrettsrådet til eit samrådingsmøte, før vi går i kontraktsforhandlingar med Consto Bergen. Det kan vera at vi ser det er ting vi vil justera på i forhandlingane.
– Går det etter planen, vil dei kunne starta opp der oppe i mars/april, seier Døsen.
Consto Bergen har også eit anna oppdrag for Os kommune desse dagar. Det er nemleg dei som byggjer det nye omsorgssenteret på Luranetunet.
Midtsiden har i denne saka nytta anbodsskissene som låg ute på Doffin som illustrasjonar. Den endelege hallen kan, og vil truleg, avvika noko frå desse.