Cola-nissen kjem til Os igjen
Denne gong er det verken Er-An eller Meny som er vertsskap.
Fredag 9. desember kjem Coca Cola-nissen til Os igjen.
Denne gong kjem den dekorerte lastebilen og den knallraude nissen til AMFI Os.
– Det blir aktivitetar både inne og ute, og smaksprøvar hos Spar, oplyser senterleiinga.
I fjor var det 90 år sidan Cola lagde reklameplakaten med den raude nissen, og på 90-årsdagen var det ein ekstra stor turné, som også var innom Meny Industrivegen i Os.
Tidlegare år har nissen også vore innom Er-An Veikro, som no er stengt og ligg for sal.
Den moderne nissen
Årsaka til at brusprodusenten turnerer med juleparade går 90 år tilbake i tid.
Coca Cola ville laga ein reklamekampanje som skapte assiasjonar mellom Coca-Cola og jula.
Nissen var før 1931 ofte teikna som ein alv eller som ein høg og tynn mann i jaktklede. Thomas Nast teikna julenissen for Harpers Weekly i 1862 og 30 år fram, og endra etterkvart farge på jakken frå brun til raud.
Men artisten Haddon Sundblom, som fekk oppdraget for Coca-Cola, var inspirert av Clement Clark Moores dikt frå 1822, «A Visit from St. Nicholas», og lagde ein menneskeleg, venleg og lubben nisse, raudkledd frå topp til tå.
Denne forma har for mange filmskaparar seinare blitt nærmast fasiten på korleis julenissen skal sjå ut.
Kjelde: Historia om den moderne nissen, coca-cola.no