Coca Cola-nissen til Os
Torsdag kjem den "ekte" nissen innom Os. Kvar trur du den amerikanske Coca Cola-nissen tar pitstop?
Etter den amerikanske reklameteiknaren Haddon Sundblom i 1931, på oppdrag frå Coca Cola, teikna sin versjon av Santa Claus, har den raude drakta og det store kvite skjegget, Coca Cola-nissen, vore identiteten til den moderne julenissen.
Fleire plassar i verda går Coca Cola sin Christmas Caravan, den lysande traileren med nissen om bord, frå by til by i desember månad.
– I Noreg har vi kjørt Coca Cola-nissen rundt sidan slutten av 90-talet, fortel assisterande marknadsdirektør Per Hynne til Midtsiden.
– Det hadde vore vondt å sjå at han kjørte forbi Er-An Veikro, seier Linda Andersen, som sjølv kontakta Coca Cola Enterprises Norge for å få nissen innom.
– Coca Cola og nissen er jo så amerikansk som det kan bli, og passar perfekt hos oss, på den amerikanske vegkroa vi har bygd. Dette blir prikken over i-en på vårt første år.
Kjem frå Åsane torsdag
I morgon kjører nissen over fjellet og onsdag blir det turnéstart i Bergen.
– Vi rekk dessverre ikkje innom alle byane i Noreg kvart år. I år blir det frå Bergen og sørover.
Sånn går det når du kjører trailer i staden for reinsdyr, men i år går no ruta innom Os.
– Dei er i Åsane på dagen og fram til klokka 18. Eg har fått nissen med mannskap til å stoppa for å ta middagen hos oss.
Middag, nissemøte og julesong
I Åsane blir det eit opplegg med samarbeidspartnar Steen & Strøm, i tillegg til møtet med nissen og utdeling av reklameeffektar.
På Er-An blir det eit pitstopp på rundt 40 minutt.
– Det er førebels litt uvisst kor tid dei kjem, men rundt 19.30 vil eg tru dei er her.
Nissen skal eta backstage, og har det travelt, men tar seg kanskje tid til eit kort møte med ungane som kjem til Røykenes.
– Nissen får i så fall bli bonus, hovudattraksjonen er den flotte Cola-traileren, som står utanfor med lysa på.
– I tillegg lager vi litt underhaldning på vegkroa med levande musikk, seier Linda, svært klar for både å servera Santa Claus og å sjå den lysande traileren i det som er venta å blir ein kveld med sludd og kanskje litt snø.